Symrehudkrem
Skulestart – Apotekpakke til familien
Skulestart – Apotekpakke til familien
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Ei fin pakke hudpleie til heile familien 💚 Milde kremar og leppepomadar som kan brukast av både liten og stor, og som me anbefaler som del av ditt husapotek! Til tørr hud, eksem, sår og rifter.
Pakka inneheld:
💙 Ein god krem til heile kroppen
👶 Kan brukast til barn (NB! Til spedbarn under 3 mnd bør ein ikkje bruke eteriske oljer, prøv heller då vår universalkrem naturell.)
🌿 Kan virke godt på muskelsmerter på såre bein og til å smøre under nesa ved forkjølelse.
💚 God som nattkrem
+
Leppepomade med ryllik & mynte
💙 Bruk denne spesielt ved utbrot av munnsår eller rifter, sår på munnen – kan ha god og lindrande effekt.
🌿 Inneheld uttrekk av ryllik som er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensane, såhelande og antiseptisk effekt på huda.
💚 Leppepomaden har frisk smak av mynte & honning. Den er veldig dryg i bruk, ein treng veldig lite om gongen.
+
Handkrem med furunålolje 30 ml er ein mjukgjerande og næringsrik handkrem. Særs god til tørre og sprukne hender.
⭐️ Ikkje bruk mykje om gongen – du kjem langt med lite
💚 Har du ekstra tørre hender? Eit tips er å smørja eit ekstra godt lag med handkrem på tørre hender like før leggetid. Då får det trekke godt inn i huda over natta
+
Symre kløsalve (15ml) lindrar småsår, gnagsår og rifter i huda. Den er ekstra god på småsår og rifter som klør mens dei gror.
God å ha med i sekken på fjelltur, skitur og telttur til alle årstider. Den er veldig dryg i bruk og tar liten plass i sekken eller i lomma.
Kundane våre melder også tilbake til oss at salva er veldig god mot eksem/tørr hud, og at den ikkje svir ved påføring. Talg er mjukgjerande og næringsrikt, med naturleg innehald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. Salva inneheld også oljeuttrekk av ryllik hausta på garden vår, i tillegg til eterisk olje av ryllik. Ryllik har gjennom århundra vore ein mykje brukt medisinplante. Planten har mellom anna antiseptisk og sårheldande egenskaper.
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 89 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–5 virkedagar.

Symre si apotekpakke
Reviews in Other Languages
Hausten si apotekpakke