Gå til produktinformasjon
1 of 5

Symrehudkrem

Universalkrem med mynte

Universalkrem med mynte

Ordinær pris 199,00 NOK
Ordinær pris Salgspris 199,00 NOK
På sal Utseld
Inkl. mva Fastfraktpris – 60 kr
Size

Symre universalkrem med mynte er ein allsidig krem for heile kroppen. Den er mjukgjerande, næringsrik og inneheld få og trygge ingrediensar. Kremen kjem i krukke på 60 ml eller i ein liten og praktisk 30 ml-boks som enkelt får plass i lomma, veska eller sekken!

Den er trygg og god til barn – og kan fint brukast som kuldekrem. Grønmynte er ei av dei eteriske oljene som ein reknar som trygg til barn. Hovudinnhaldet i denne kremen er talg og planteolje, og kun 0,49 % eterisk olje. Til barn skal ein likevel alltid vera forsiktig, og me anbefaler å teste ut på eit lite område på huda først. NB! Til spedbarn under 3 mnd bør ein ikkje bruke eteriske oljer, prøv heller då vår universalkrem naturell

Uttrekk av mynte frå den vesle marknadshagen vår og eterisk olje av grønnmynte kan ha ein kjølande, klødempande og antiseptisk effekt. Mynte kan også virke godt på muskelsmerter og til å smøre under nesa ved forkjølelse. 

 

❄️ Bruk den som kuldekrem

💚 Bruk den som ein ekstra næringsrik ansiktskrem og kroppskrem ved tørr hud

🌸 Me har fått mange gode tilbakemeldingar på at denne er ekstra god ved eksem og andre hudproblem

🌿 Smør den på muskelsmerter/verk

🤧 Smør den under nesa ved forkjølelse

 

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar!

  

INNHALD INCI: Tallow, Carthamus Tinctorius, Mentha Arvensis Leaf Extract, Mentha Spicatha

INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå eigen gard og frå utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk kaldpressa tistelolje, uttrekk av økologisk mynte dyrka på garden vår, eterisk olje av grønnmynte

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. Ingen av kremane våre inneheld konserveringsmiddel. 

 

Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport.

30 ML / 60 ML 

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Sjå alle detaljar

Customer Reviews

Based on 5 reviews
80%
(4)
0%
(0)
20%
(1)
0%
(0)
0%
(0)
S
Sigrun Kleppe-Andersen

Universalkrem med mynte

I
Ingvill Collin-Hansen
Universalkrem med mynte

Helt nydelig konsistens og duft <3 Hele familien bruker den

T
Trond Greiner

Universalkrem med mynte

T
Tone Aarvik
100%

DISSE PRODUKTENE ER UTROLIG GODE OG FANTASTISK ..TUSEN, TUSEN TAKK.

A
Aina Giskegjerde

Bruker som kuldekrem og er veldig fornøyd.

Litt om solfaktor

Solfaktor – altså beskyttelsesstyrken på solkremen – blir gitt i ein skala frå 0 til 100. Men som eit eksempel så er det ikkje slik at faktor 15 gir så mykje meir beskyttelse enn faktor 30:

☀️ Faktor 15 blokkerer ca. 93 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 20 blokkerer ca. 95 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 30 blokkerer ca. 96 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 50 blokkerer ca. 98 % av UVB-strålar

Kjøp solkrem her!