Talg i hudpleie

Symre hudkrem – naturlig hudpleie med få ingrediensar

Å lage hudpleie av talg er ein tradisjon som går mange hundre år tilbake i tid. Det er ein gløymt skatt i vår tid – ein ressurs me må ta vare på! Talg har vore brukt til hudpleie, såpe, talglys og til matlaging. Men kvifor skal ein eigentleg smørje talg på huda si tenker kanskje du?

Det er det faktisk ganske mange gode grunnar til!

Ifølge Store norske leksikon er talg definert som innvollsfeitt frå drøvtyggarar, som storfe og sau. Talg består i all hovudsak av blanda glyseridar av stearinsyre, palmitinsyre og oljesyre. Det inneheld også linolensyre, linolsyre og ei rekke vitaminer (til liks med andre animalske produkt).

Tar me ein grundigare kikk på innhaldet i talget, forstår me kvifor dette er den perfekte ingrediensen i hudpleie:

  • Palmitinsyre er ei metta feittsyre som er mykje brukt i hudpleie. I talget finst altså denne naturleg. Palmitinsyre finst også naturleg i huda vår. Talg er særs rik på palmitinsyre – som gir ei beskyttande barriere på huda og som gjer huda mjuk. Palmitinsyre beskytter huda mot ytre påvirking. Huda vår inneheld mindre palmitinsyre etterkvart som me vert eldre. Då kan talgbasert hudpleie hjelpe godt.
  • Glyserid (i kjemisk forstand er feitt glyseridar) – fuktigheitsbevarande og gjer huda mjuk og elastisk.
  • Stearinsyre og oljesyre er feittsyrer som me finn på det ytterste laget av huda vår og i kroppen sin eigen talgproduksjon. Dei bidreg til å gi eit beskyttande lag på huda, og gjer den mjuk og smidig. Dei kan også ha ein anti-inflammatorisk effekt. Stearinsyre i hudpleie kan hjelpe til å betre huda sin beskyttelsesbarriere, medan oljesyra hjelper ulike næringsstoff med å trekke inn i huda.
  • Essensielle feittsyrer linolensyre (omega-3-feittsyre) og linolsyre (omega-6-feittsyre). Bidreg til å halde huda smidig og sunn, og hindrar fukt-tap. Kan også ha anti-inflammatoriske og antibakterielle eigenskaper. Me brukar talg frå grasfôra dyr (ikkje bruk av kraftfôr), og studiar viser at kjøt/feitt frå grasfôra dyr inneheld ein betre balanse mellom omega-3 og omega-6.
  • Til liks med andre animalske produkt inneheld talg dei feittløyselege vitaminane A, B, D, E og K, som gir næring til huda vår.

 Sjå heile vårt utval av talgbasert og naturleg hudpleie her.

Talgkrem symre hudkrem – norsk og bærekraftig

Talg frå eigen gard – ressursbruk og bærekraft

Me bruker talg frå våre eigne storfe her på garden vår. Me har økologisk og regenerativ drift. Me bruker eigne ressursar i inn- og utmark (ingen soya-basert kraftfôr frå Brasil, ingen kunstgjødsel og ingen sprøytemiddel). Slik sikrar me eit familiejordbruk på lag med miljø og klima. I tillegg til talg frå eigne dyr bruker me også talg frå utvalde gardar i lokalmiljøet vårt – Selheim gard og Larsastova.  

I tillegg til talg inneheld hudkremane våre få andre ingrediensar. Meir treng ein ikkje fordi talget i seg sjølv er så næringsrikt, og slik er det enkelt å vite kva du smører på huda di. Me haustar plantar som ryllik, raudkløver, løvetann, groblad og mynte frå inn- og utmark. I tillegg til nøye utvalde økologiske oljer av høg kvalitet.