Spørsmål & svar om talgbasert hudpleie
Kvifor starta de Symre hudkrem?
Symre starta med at me som bønder hadde problem med å finne ein handkrem som kunne hjelpe oss i kvardagen etter timesvis med arbeid i vær og vind ute på garden. Gardsarbeid betyr mykje fysisk arbeid, og ei stor påkjenning for huda på hendene våre, med sprekker, sår, rifter og tørr hud. Til slutt fann me ut at talgkrem var det einaste som kunne hjelpe. Med talg tilgjengeleg som råvare på garden blei deretter vegen kort frå råvare til handkrem. På ein liten gard er det også viktig å finne alternative inntektskjelder, slik at me kan ha gardsarbeidet som leveveg. Som bonde blir ein kanskje lukkeleg, men aldri rik. Me sel allereie økologisk og grasfôra kjøt direkte til forbrukar, i tillegg til produkt frå eigen marknadshage. Symre hudkrem basert på talg frå eigen gard og frå nabogardar rundt oss er slik eit viktig skritt i retning eit levedyktig gardsbruk. Takk for at du handlar hjå oss!
Sjekk ut vår naturlege hudpleie her! 👉
Korleis kjennes kremane ut på huda mi?
Talgkrem gir god næring til huda, det oppdagar våre kundar fort. Fordi talg har ein samansetning som er lik vår eiga hud, trekker den raskt inn. Ein får ei kjensle av mjuk og tilfredsstilt hud. Dei ulike kremene våre har ulik mengd talg, oljer og bivoks – alt etter bruksområde. Difor vil dei ulike kremene i konsistens kjennast ulike ut. Medan ansiktskremene og kroppskremane er luftigare og lettare å smørje ut, har handkrem, naturell og kløsalve ein tjukkare konsistens som salve. Dei sistnemnte har høgare innhald av talg for endå meir næring og pleie. Ein ting er felles for alle kremene våre: Det er viktig at ein ikkje smører på altfor mykje om gongen, bruk lite om gongen. Kremene er veldig dryge i bruk og varer lenge.
Er kremane trygge i bruk?
Me har fleire kremar og ein leppepomade som er heilt utan eterisk olje. Desse inneheld berre talg, tistelolje, olivenolje, honning og bivoks. Me har også kremar som inneheld eteriske oljer. Desse oljene er nøye utvalde, er økologiske og kjem kun frå seriøse forhandlarar. Fleire av dei eteriske oljene me brukar er også produsert i Noreg. Nokon eteriske oljer er generelt trygge i bruk, andre kan innehalde allergen. Merk at alle våre kremar har sikkerheitsrapport der innhaldet er gjennomgått av eit eksternt firma. Alle kremene våre med eterisk olje inneheld under 1 prosent eterisk olje.
Om du er usikker på enkelte eteriske oljer og eigne allergiar, anbefaler me at du set deg inn i dette før bruk. For gravide og ammande gjeld eit føre-var-prinsipp. Då kan produkta utan eteriske oljer vera eit godt alternativ.
Kva luktar kremane?
Til liks med andre hudkremar utan tilsett parfyme har kremene våre som ikkje har eteriske oljer ein naturleg aroma. Talg i seg sjølv har ein mild og naturleg lukt, og det same har dei plantebaserte oljene me brukar. Dei eteriske oljene gir kremane våre ulike, milde og naturlege duftar, i tillegg til pleiande eigenskapar. Dette gir deg moglegheit til å velje mellom heilt nøytrale produkt eller produkt med ein frisk og naturleg aroma.
Kor finn de plantane de brukar i hudkremane?
Alle plantar me brukar i hudkremane våre er hausta på vår eigen økologiske vestlandsgard – Een gard på Voss. Garden vår har vore Debio-godkjent sidan 2004. Det betyr at du kan vera trygg på at plantane er dyrka utan sprøytemiddel og med omsyn til natur og miljø.
Kan hudkremene brukast av barn og andre med sensitiv hud eller eksem?
Me har fleire kremar og leppepomader heilt utan parfyme/eterisk olje som passar godt for barn og andre med sensitiv hud, allergiar eller eksem.
Talg inneheld dei feittløyselege vitaminene A, D, K og E, som gir næring til huda og kan bidra til å styrke hudbarrieren. Mange av kundane våre melder om lindring ved tørr hud, kløe og eksem. Produkta våre kan også opplevast som lindrande ved andre hudplager.
Sjå oversikt over vår naturell-serie utan parfyme her 👉
Kan talgbasert hudpleie vera gunstig ved eksem?
Talg er rikt på næringsstoff og liknar på hudens eigne feittstoff, noko som gjer det særleg godt eigna for å styrke ei svekka hudbarriere – slik ein ofte ser ved eksem. Ved å tilføre feitt og fukt kan talgbaserte kremar bidra til å redusere tørrheit og kløe.
Samtidig er hud ulik frå person til person. Me anbefaler difor å starte med små mengder og gjerne velje produkt utan eteriske oljer dersom du har sensitiv hud eller aktivt eksem.
Sjå oversikt over vår naturell-serie utan parfyme her 👉
Kan eg bruke talgkrem i kombinasjon med anna behandling for eksem?
Mange vel å bruke talgkrem som eit supplement til anna hudpleie eller behandling. Kremen kan bidra til å halde huda mjuk og beskytta mellom behandlingar. Dersom du brukar reseptbelagde produkt, kan det vera lurt å rådføre seg med lege eller hudspesialist for å finne ein god kombinasjon som passar for deg.
Kva er forskjellen på mineralsolkrem og vanleg solkrem?
Mineralsolkrem verkar ved å leggje seg som eit fysisk lag utanpå huda og reflektere solstrålane. Vanlege (kjemiske) solkremar trekkjer meir inn i huda og absorberer UV-stråling. Mange føretrekk mineralsolkrem fordi den er mildare for sensitiv hud og inneheld færre syntetiske stoff.
Sjekk ut vår naturlege mineralsolkrem her! 👉
Er mineralsolkrem betre for sensitiv hud og eksem?
For mange med sensitiv hud eller eksem kan mineralsolkrem vera eit godt alternativ, fordi den er skånsam og legg seg utanpå huda i staden for å trekke inn. Dette kan redusere risikoen for irritasjon. Det er likevel viktig å teste produktet på eit lite hudområde først.
Sjekk ut vår naturlege mineralsolkrem her! 👉
Kva gjer talg spesielt i hudpleie?
Talg har ein unik eigenskap ved at det liknar på hudens eigne feittstoff. Dette gjer at det blir godt tatt opp av huda og gir djup næring. Samtidig legg det seg som ein beskyttande barriere som held på fuktigheita. Dette gjer talg spesielt godt eigna for tørr, sprukken og utsett hud.
Korleis bør eg bruke kremane for best effekt?
For best mogleg effekt anbefaler me å bruke små mengder om gongen og heller påføre oftare ved behov. Varm gjerne kremen litt mellom hendene før påføring, slik at den blir lettare å smørje ut.
Bruk gjerne kremen på rein og lett fuktig hud – då trekker den endå betre inn og gir optimal pleie.
Kor lenge varer produkta?
Sidan kremene er svært drøye i bruk, varer dei ofte lenge sjølv ved dagleg bruk. Offisiell haldbarheit er 6 månader etter at krukka er opna. Samstundes er vår erfaring at kremane i praksis held seg gode i over eitt år ved normal bruk og oppbevaring.
Oppbevar produkta tørt og ikkje for varmt. Naturlege ingrediensar gjer at små variasjonar i lukt og konsistens kan førekomme – dette er heilt normalt.
Sjekk ut vår naturlege hudpleie her! 👉
Kor kan eg kjøpe Symre?
Du kan kjøpe Symre i nettbutikken vår. Du kan også kjøpe Symre i utvalde butikkar over heile landet!
Her finn du oversikt over forhandlarar i ditt fylke! 👉