Hopp til produktinformasjon
1 av 6

Symre

Handkrem med furunålolje

Handkrem med furunålolje

Vanlig pris 199,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 199,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.
Size

Symre handkrem med furunålolje er ein mjukgjerande og næringsrik handkrem. Særs god til tørre og sprukne hender. Naturleg og trygg hudpleie, laga på ein liten vestlandsgard!

Kremen er like god til sprukne arbeidsnevar frå mange timar i praktiske yrker, som til verkande hender etter mange timar bak tastaturet. Kremen har ein frisk aroma av furunål, som gjer at den også kan passe godt til dei som likar ei meir maskulin lukt.

Bruk veldig lite om gongen til å smørja inn hendene – kremmengde på størrelse med ei ert er nok. Ved veldig tørre hender så anbefaler me å smørje ofte. Eit anna godt tips er å smørje ekstra godt på like før leggetid og la kremen trekke inn over natta.


INNHALD INCI: Tallow, Carthamus Tinctorius Seed Oil, Pinus Sylvestris Leaf Oil, *Limonene.

*= Limonene er eit naturleg virkestoff i furunålolja.

INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå garden vår og frå andre utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk kaldpressa tistelolje, eterisk olje av furunål. 

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. 

 

Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport.

60 ML

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Vis alle detaljer

Customer Reviews

Based on 13 reviews
92%
(12)
8%
(1)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
T
Tone T. T. Ekeberg Stensrud
Håndkrem

Utrolig deilig og fløyelsmyk håndkrem. Trekker raskt inn i huden. Er også veldig drøy i bruk

T
Turid Kloss
Endelig en krem som hjelper

Endelig en krem som hjelper for tørre eksemhender. Jeg har veldig sensitiv hud og får lett eksem. Etter 14 dagers bruk virker denne kremen veldig lovende. Den trekker godt inn i huden og eksemet har gått tilbake.

H
Hilde A Lyster

Handkrem med furunålolje

I
Ingun Jacobsen
Var ganske bra

Var en brukbar hudkrem, men var ikke helt optimal, fordi når jeg tok litt, for å bruke til håndkrem, så virket det som, hendene forble tørre.

P
Pernille Ekker
Hudkrem

Super hudkrem som anbefales på det sterkeste. Helt gull mot såre hender