Symre
Kløsalve
Kløsalve
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Symre kløsalve er ei universalsalve du berre må ha i husapoteket ditt! Med nøye utvalde ingrediensar har den ei rekke bruksområder:
🐝 Lindrar kløe ved insektsstikk og småsår
☀️ Lindrar godt ved brannsår og solbrent hud
🤸🏽♂️ Førebygger og lindrar gnagsår. Smør på helen før langtur, ha på gnagsårplaster/sportstape over. Smør godt på gnagsår som skal gro.
💚 Me har fått veldig mange tilbakemeldingar på e-post frå kundar som bruker denne salva til underlivsplager som tørrheit, eksem og hemorider, med særs gode og lindrende resultat.
🌸 Me får også mange tilbakemeldingar om at salva har god effekt på eksem!
Talg er den viktigaste ingrediensen i kløsalva vår. Talg er mjukgjerande og næringsrikt, med naturleg innehald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. Talg beskytter og gir fukt til huda. Talg har også eit naturleg innhald av dei essensielle feittsyrene linolensyre (omega-3-feittsyre) og linolsyre (omega-6-feittsyre). Desse bidreg til å halde huda smidig og sunn, og hindrar fukt-tap, og dei kan også ha anti-inflammatoriske eigenskaper.
Salva inneheld også oljeuttrekk av økologisk ryllik hausta på garden vår, i tillegg til eterisk olje av ryllik. Ryllik har gjennom århundra vore ein mykje brukt medisinplante. Den har mellom anna antiseptisk og sårheldande egenskaper.
Kløsalve kjem i ein liten boks på 15 ML eller i større boks på 60 ML. Salva er veldig dryg i bruk.
INNHALD INCI: Tallow, Carthamus Tinctorius Seed Oil, Achillea Millefolium Flower Extract, Achillea Millefolium Oil, Limonene, Linalol.
INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå eigen gard og frå andre utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk kaldpressa tistelolje, uttrekk av økologisk ryllik frå garden vår, eterisk olje av ryllik.
HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys.
Salva er sertifisert og har sikkerheitsrapport
15 ML / 60 ML
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 69 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.






Kløkremen har fungert på alt fra myggestikk til sår babyhud og tørre hender! Funker for hele familien.
2 gang jeg kjøper produkter fra Symre, og kommer til å fortsette med det! Utrolig bra produkter
Kløsalve
Lindrer kløe, utslett og myggstikk
Denne salven har vært redninga i sommer. Reagerer ekstremt på stikk, men denne har roet det ned og gjort at stikket "forsvinner". Bare få minutter etter og ha smurt på så forsvinner smertene og det klør ikke. Har brukt den flere ganger på klegg-stikk.
Kløsalve
