Hopp til produktinformasjon
1 av 3

Symrehudkrem

🌲 Skogspakke 🌲

🌲 Skogspakke 🌲

Vanlig pris 674,00 NOK
Vanlig pris 749,00 NOK Salgspris 674,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

🌲 Me i Symre er glad i skogen. Hausten er tida me nyttar mest i skogen, med bærplukking, soppsanking, eller rett og slett berre nyte roen naturen gjer oss. 

Her får du ei skogspakke frå oss 🌲

PAKKA INNEHELD:

Kroppskrem med gran, einer og begamot gir ei nydeleg lukt av skog! Denne kremen kan brukast til heile kroppen! Lindrande etter barbering av ansikt, leggar, lår. Gir masse fukt og næring som trekker djupt inn og varer.

+

Symre handkrem (30 ml) med furunålolje er ein mjukgjerande og næringsrik handkrem. Særs god til tørre og sprukne hender. Kremen er like god til sprukne arbeidsnevar frå mange timar i praktiske yrker, som til verkande hender etter mange timar bak tastaturet. Kremen har ein frisk aroma av furunål.

SKOG duftlys er laga med talg frå garden vår og frå andre nøye utvalde gardar i nærområdet vårt. I tillegg inneheld det litt bivoks og eterisk oljeblanding med duft av norsk skog. Den eteriske olja er laga av ein liten produsent i Kragerø – den einaste produsenten av eteriske oljer i Norge. 

 

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Vis alle detaljer

Customer Reviews

Be the first to write a review
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)