Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Symrehudkrem

Kroppskrem med nesle, løvetann og ylang-ylang

Kroppskrem med nesle, løvetann og ylang-ylang

Vanlig pris 350,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 350,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.
Size

Ein silkemjuk body lotion som gir fuktigheit og næring. Spesielt beroligande ved irritert og nuppete hud etter barbering av legger, lår og bikinilinje. Brennesla er god til både hud, negler og hår ettersom den inneheld mykje silisium – eit viktig mineral for huda. Brennesle kan ha god effekt på eksem og irritert hud. Løvetann er ein allsidig plante som mellom anna inneheld A-vitamin A, B1, B2, C, D, E og biotin som er bra for hud, hår og negler. Nydeleg aroma av ylang-ylang.

 

INNHALD INCI: Tallow, Urtica Diocia Leaf Extract, Taraxacum Officinale Extract, Prunus Amygdalus Dulcis Oil, Cera Alba, Cananga Odorata Flower Oil, *Geraniol, *Linalol, Farnesol, *Benzyl Benzonate, *Benzyl Salicylate, *Eugenol. 

*= Naturlege virkestoff i ylang-ylang 

INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå garden vår og frå utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, uttrekk av økologisk nesle frå garden vår, uttrekk av økologisk løvetann frå garden vår, økologisk kaldpressa mandelolje, økologisk kaldpressa tistelolje, bivoks, ylang-ylang.

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. 

Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport.

60 ML 


Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Vis alle detaljer

Customer Reviews

Based on 9 reviews
67%
(6)
22%
(2)
11%
(1)
0%
(0)
0%
(0)
A
Aygul Karataeva
Flott kroppskrem

Utmerket kroppskrem ! absorberes perfekt, beskytter huden mot fuktighetstap og mot vind.

R
Rebekka Storebø- Jarnes

Kroppskrem med nesle, løvetann og ylang-ylang

Y
Yvonne
Helt herlig!

Herlig krem som jeg kommer til å kjøpe igjen😃 Virker først veldig fet, men oppleves ikke slik på huden. Jeg har ganske tørr og sensitiv hud, men den ser ut til å like denne kremen☺️👌

M
Marita
Fornøyd!

Veldig fornøyd! Lukter veldig godt, og føles god mot huden. Deilig følelse etter påføring. Trekker ikke helt inn i huden med det første, men det gjør ingenting.

S
Sara Evensen
Fantastisk etter barbering av legger!

Denne kroppskremen er bare helt fantastisk å bruke etter å ha barbert leggene. Jeg blir ofte veldig tørr og nuppete i huden etter barbering, og det svir og klør. Men denne kremen lindret bare så utrolig godt! Den er som et «bodybutter» i konsistens, og jeg føler virkelig at den gir næring. Anbefaler!!!