Symrehudkrem
Kroppskrem / etterbarberingskrem til mann
Kroppskrem / etterbarberingskrem til mann
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Kroppskrem / etterbarberingskrem til mann (og alle andre!). God til absolutt heile kroppen!
Ein skikkeleg god etterbarberingskrem med lindrande og naturlege ingredienser.
Den kan også brukast til heile kroppen. Er god til tørre hender. Gir fukt og næring som trekker djupt inn og varer.
Maskulin lukt av gin – ei nydeleg blanding av gran, einer og bergamot.
***
Innhald: Talg, uttrekk av nesle, mandelolje, tistelolje, bivoks, gran, einer, bergamot.
(INCI: Tallow, Urtica Dioica Leaf Extract, Carthamus Tinctorius Seed Oil, Prunus Amygdalus Dulcis Oil, Cera Alba, Juniperus Communis Fruit Oil, Citrus Aurantium Bergamia Fruit Oil, Picea Abies Leaf Oil)
Allergen: Limonene, Linalol, Citral (naturlige virkestoff i dei eteriske oljene).
Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport.
60 ML
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 89 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1000 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 1–3 virkedagar.




Helt nydelig!
Veldig godt fornøyd, har slitt med mye tørr hud som flasser på vinteren. Skrubber bort flasset og så er vi igang med sart hud. Andre kremer har hatt dårlig effekt da de inneholder mye vann. Denne er fet og drøy og beskytter godt. Lukter naturlig og godt.
Kroppskrem / etterbarberingskrem til mann
Kroppskrem / etterbarberingskrem til mann
Beste krem jeg har hatt
