Gå til produktinformasjon
1 of 3

Symrehudkrem

Gåvepakke 💚 Pleie til tørr hud 🩷

Gåvepakke 💚 Pleie til tørr hud 🩷

Ordinær pris 729,00 NOK
Ordinær pris 810,00 NOK Salgspris 729,00 NOK
På sal Utseld
Inkl. mva Fastfraktpris – 60 kr

Vil du gje ei gåve til nokon du er glad i? 🩷

Vår naturlege og økologiske hudpleie er laga med omsorg for mennesker, natur og miljø. Det er ei gåve med meining – handlaga på ein vakker vestlandsgard! 🌿

 

GÅVEPAKKA INNEHELD:

Kroppskrem med nesle, løvetann & ylang-ylang som gir fuktigheit og næring. Spesielt beroligande ved irritert og nuppete hud etter barbering av legger, lår og bikinilinje. Brennesla er god til både hud, negler og hår ettersom den inneheld mykje silisium – eit viktig mineral for huda. Brennesle kan ha god effekt på eksem og irritert hud. Løvetann er ein allsidig plante som mellom anna inneheld A-vitamin A, B1, B2, C, D, E og biotin som er bra for hud, hår og negler. Nydeleg aroma av ylang-ylang. (50 ml)

+

Handkrem med furunålolje er ein mjukgjerande og næringsrik handkrem. Særs god til tørre og sprukne hender. 

Leppepomade med ryllik & mynte er mjukgjerande og god for tørre og såre lepper. Talg gjer leppene mjuke og gir næring og fukt. Ryllik er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensane, såhelande og antiseptisk effekt på huda. Leppepomaden kan ha god effekt ved utbrot av munnsår og lindrar rifter og sår på munnen. Leppepomaden har frisk smak av mynte & honning. Den er veldig dryg i bruk, ein treng veldig lite om gongen.


Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Sjå alle detaljar

Customer Reviews

Be the first to write a review
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)

Litt om solfaktor

Solfaktor – altså beskyttelsesstyrken på solkremen – blir gitt i ein skala frå 0 til 100. Men som eit eksempel så er det ikkje slik at faktor 15 gir så mykje meir beskyttelse enn faktor 30:

☀️ Faktor 15 blokkerer ca. 93 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 20 blokkerer ca. 95 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 30 blokkerer ca. 96 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 50 blokkerer ca. 98 % av UVB-strålar

Kjøp solkrem her!