Personvern

Personvernerklæring

Dette er ei personvernerklæring som informerer om korleis Symre hudkrem (Een gard v/ Silje Een de Amoriza, org. nr. 926100645) samlar inn og bruker data og personopplysningar. Denne erklæringa inneheld opplysningar våre kundar har krav på når det vert samla inn personvernopplysningar.

Behandlingsansvarlig er Symre hudkrem (Een gard v/ Silje Een de Amoriza, org. nr. 926100645). Dette gjeld for alle personopplysningar me handsamar i samband med kontakt, kjøp, bruk av nettsider og sosiale medier som Facebook og Instagram.

 

Kva er ein personopplysning?

Einkvar opplysning som kan knyttast til enkeltperson – både direkte og indirekte. Eksempel er: namn, postadresse, e-post, tlf. nr og/eller IP-adresse.

 

Kva er informasjonskapslar – cookies, og bruk av desse.

Dei aller fleste nettsider nyttar i dag informasjonskapslar. Kort forklart er dette kode/tekstfil som blir lagt i den besøkande sin nettleser som går inn på Symrehudkrem.com. Den gjer at me kan sjå kva av våre undersider dei besøkande er innom og kor lenge dei oppheld seg på sida. Det synleggjer korleis besøkande navigerer inne på sida vår og kva lenker/knappar som blir trykt på. I tillegg blir det samla inn informasjon om kva nettlesar som er brukt, navigasjon osb.

Symre hudkrem bruker informasjonskapsler (cookies) til å loggføre bruken av nettsida vår Symrehudkrem.com. Dette gjer me for å kunne føre statistikk over bruken av nettsida for seinare å kunne forbedre den, og tilpasse vår kundegruppe betre.

Me nyttar Google Analytics som er eit analyseverktøy. Med dette verktøyet kan ein studere trafikk, bruksmønster og trendar og for deretter å tilpasse og forbedre nettsida vår. Google Analytisk samlar ikkje inn personleg informasjon om deg, men lagar bevegelse på nettsida og enkelte handlingar. Alle opplysninger er underlagt Googles retningslinjer for personvern.

Facebook Pixel er eit anna analyseverktøy brukt for å spore anonymt kvan som besøker nettsida og kva sider dei har besøkt, for å måle effekten av annonsering på Facebook og Instagram. Dette gjer at ein kan treffe målgruppene betre gjennom annonsene og gjennomføre det som blir kalla remarketing.

 

Direkte innhenting av kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon som blir samla inn gjennom kontaktskjema og bestilling blir lagra i ein avgrensa periode. Det er frivillig å gje frå seg denne informasjonen. Me er imidlertid avhengig av personopplysningar for å kunne sende bestilte produkt i posten.

 

Kva har du rett til?
Du har rett til innsyn i personopplysningar om deg og innsyn i korleis desse opplysningane blir behandla. Du har rett til å få å retta feilaktige opplysninger vår verksemd har om deg, få opplysningane sletta eller å avgrense behandlingen av personopplysningane jf. personopplysningsloven.
Du kan kontakte Symre hudkrem på e-post post@eengard.no for å få tilgang til informasjon, for endring eller for å slette informasjon.

 

Slette informasjonskapslar/cookies i ulike nettlesere:

Dei aller fleste nettlesarar som t.d. Safari, Internet Explorer og Google Chrome er stilt inn for å akseptere informasjonskapslar automatisk. Kvar einskilde nettbrukar kan sjølv endre innstillingane i nettlesar slik at informasjonskapslene ikkje blir aksepter.

Slik slettar du informasjonskapslar/cookies:

Cookie-innstillinger i Internet Explorer

Cookie-innstillinger in Firefox

Cookie-innstillinger i Google Chrome

Cookie-innstillinger i Safari web og iOS.