Spørsmål & svar

Kvifor starta de Symre hudkrem?

Symre hudkrem starta med at me som bønder hadde problem med å finne ein handkrem som kunne hjelpe oss i kvardagen etter timesvis med arbeid i vær og vind ute på garden. Gardsarbeid betyr mykje fysisk arbeid, og ei stor påkjenning for huda på hendene våre, med sprekker, sår, rifter og tørr hud. Til slutt fann me ut at talgkrem var det einaste som kunne hjelpe. Med talg tilgjengeleg som råvare på garden blei deretter vegen kort frå råvare til handkrem. På ein liten gard er det også viktig å finne alternative inntektskjelder, slik at me kan ha gardsarbeidet som leveveg. Som bonde blir ein kanskje lukkeleg, men aldri rik. Me sel allereie økologisk og grasfôra kjøt direkte til forbrukar, i tillegg til produkt frå eigen marknadshage. Symre hudkrem basert på talg frå eigen gard og frå nabogardar rundt oss er slik eit viktig skritt i retning eit levedyktig gardsbruk. Takk for at du handlar hjå oss!

 

Korleis kjennes kremane ut på huda mi?

Talgkrem gir god næring til huda, det oppdagar våre kundar fort. Fordi talg har ein samansetning som er lik vår eiga hud, trekker den raskt inn. Ein får ei kjensle av mjuk og tilfredsstilt hud.

Dei ulike kremene våre har ulik mengd talg, oljer og bivoks – alt etter bruksområde. Difor vil dei ulike kremene i konsistens kjennast ulike ut. Medan ansiktskremene og kroppskremane er luftigare og lettare å smørje ut, har handkrem, naturell og kløsalve ein tjukkare konsistens som salve. Dei sistnemnte har høgare innhald av talg for endå meir næring og pleie.

Ein ting er felles for alle kremene våre: Det er viktig at ein ikkje smører på altfor mykje om gongen, bruk lite om gongen. Kremene er veldig dryge i bruk og varer lenge.

 

Er kremane trygge i bruk?

Me har fleire kremar og ein leppepomade som er heilt utan eterisk olje. Desse inneheld berre talg, tistelolje, olivenolje, honning og bivoks.

Me har også kremar som inneheld eteriske oljer. Desse oljene er nøye utvalde, er økologiske og kjem kun frå seriøse forhandlarar. Fleire av dei eteriske oljene me brukar er også produsert i Noreg. Nokon eteriske oljer er generelt trygge i bruk, andre kan innehalde allergen. Merk at alle våre kremar har sikkerhetsrapport der innhaldet er gjennomgått av eit eksternt firma. Alle kremene våre med eterisk olje inneheld under 1 prosent eterisk olje. Og ingen av dei eteriske oljene me brukar er fotosensitive. Om du er usikker på enkelte eteriske oljer og eigne allergiar – les deg opp på desse oljene før du vurderer å ta dei i bruk. Enkelte eteriske oljer kjem med advarslar for gravide og ammande, som eit føre var-prinsipp. Me anbefaler då at du les deg opp på den enkelte olja før du tar den i bruk. Gode alternativ i vår hudpleieserie er produkta uten eterisk olje, som Hudkrem naturell eller Symre ansiktskrem med raudkløver og nyperoseolje.

 

Kva luktar kremane?

Til liks med andre hudkremar utan tilsett parfyme har kremene våre som ikkje har eteriske oljer ein naturleg aroma. Talg i seg sjølv har ein mild og naturleg aroma. Det same har dei plantebaserte oljene me brukar. Naturleg aroma sikrar trygg hudpleie med få ingrediensar!

Dei eteriske oljene me brukar gir kremane våre ulike nydelege aromaer, utover sine pleiende eigenskaper. Om du vil ha hudkrem med god aroma frå trygge og gode eteriske oljer, så kan me t.d. anbefale vår universalkrem med mynte eller ansiktskrem med raudkløver, nyperoseolje og rosegeranium.

 

Kor finn de plantane de brukar i hudkremane?

Alle plantar me brukar i hudkremane våre er hausta på vår eigen økologiske vestlandsgard – Een gard på Voss. Garden vår har vore Debio-godkjent sidan 2004. Slik kan du vera heilt sikker på at alle plantar me bruker ikkje inneheld restar etter sprøytemiddel.

 

Kan hudkremene brukast av barn og andre med sensitiv hud eller eksem?

Me har fleire kremar og leppepomader heilt utan parfyme/eterisk olje som er gode for barn og andre med sensitiv hud, allergier, eksem. Talg inneheld i seg sjølv dei feittløyselege vitaminene A, D, K og E. Talg gir god næring til huda, og kan ha beskyttande og lindrande effekt på ulike hudplager.

Me har fått mange gode tilbakemeldingar på at hudkremene våre lindrar eksem. Me har også fått tilbakemeldingar på at kremene våre lindrer godt ved hudplager som kløe og blåmerke som dei med diabetes ofte får. Me vil særskilt anbefale Hudkrem naturell som eit godt alternativ. Prøv gjerne også universalkrem med mynte som er trygg og god for både liten og stor.