Talg i hudpleie

Symre hudkrem – naturlig hudpleie med få ingrediensar

Å lage hudpleie av talg er ein tradisjon som går mange hundre år tilbake i tid. Det er ein gløymt skatt i vår tid – ein ressurs me må ta vare på!

Talg av grasfôra storfe har særs lik feittsyreprofil som huda vær. Den inneheld dei feittløyselege vitaminane A, D, K og E. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng.

I tillegg til talg inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar. Meir treng ein ikkje fordi talget i seg sjølv er så næringsrikt, og slik er det enkelt å vite kva du smører på huda di. Me haustar plantar som ryllik, raudkløver, løvetann, groblad og mynte frå inn- og utmark. I tillegg til nøye utvalde økologiske oljer av høg kvalitet.

 

Talgkrem symre hudkrem – norsk og bærekraftig

Talg frå eigen gard – ressursbruk og bærekraft

Me bruker talg frå våre eigne storfe her på garden vår. Me har økologisk og regenerativ drift. Me bruker eigne ressursar i inn- og utmark (ingen soya-basert kraftfôr frå Brasil, ingen kunstgjødsel og ingen sprøytemiddel). Slik sikrar me eit familiejordbruk på lag med miljø og klima. I tillegg til talg frå eigne dyr bruker me også talg frå utvalde gardar i lokalmiljøet vårt.