Gå til produktinformasjon
1 of 3

Symrehudkrem

Gåvepakke – Tonje sin favoritt

Gåvepakke – Tonje sin favoritt

Ordinær pris 609,00 NOK
Ordinær pris 675,00 NOK Salgspris 609,00 NOK
På sal Utseld
Inkl. mva Fastfraktpris – 60 kr

Vil du gi ei unik gåve til nokon du er glad i?

Denne vesle gåvepakka inneheld våre absolutte favorittar! Og den kjem i ei nydeleg gåveeske. Vår naturlege hudpleie er laga med omsorg for mennesker, natur og miljø. Det er ei gåve med meining – handlaga på ein vakker vestlandsgard! 

 

Gåvepakka inneheld:

Symre ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje (60 ml). Dette er ein ansiktskrem som passar for alle hudtypar. Men den er særskilt god mot urein hud og for hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, med talg som har eit naturleg innhald av dei feittløyselege vitaminane A, D, E, K. Kremen inneheld også villhausta raudkløver frå garden vår, som kan ha ein rensande, nærande og mjukgjerande effekt. Nyperoseolje er god mot urein hud, rik på antioksidantar og er særs god for aldrande hud. Rosegeranium er mykje brukt i hudpleie for sine eigenskapar mot urein hud, eksem, aldrande hud. Kremen har ein rik aroma av rose.

Sminkefjerner & augebalsam (15 ml). Naturleg sminkefjerner & augebalsam i eitt! Fjerner sminke raskt og effektivt – både vanleg maskara og vannfast maskara. Den skal ikkje vaskast av, og etterlet huda fin og smidig. Den er ein super augebalsam – gir ekstra god fukt, næring og pleie. Kan gjerne brukast som nattkrem. 

Symre leppepomade med appelsin & raudbet (15 ml). Friskar opp leppene og gir glans. Leppepomaden har ein nydeleg aroma av appelsin, og den flotte fargen kjem frå raudbet frå vår eigen økologiske marknadshage her på garden. Leppepomaden gir god  næring til tørre lepper.

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Sjå alle detaljar

Customer Reviews

Based on 8 reviews
88%
(7)
13%
(1)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
L
Lise Rebecca Midtbø
Tipptopptommelopp

Hudkrem er faaantastisk. Lukter dæilig og huden elsker den. Lebepomaden er allsidig som bare det. Kan lett brukes for litt farge i kinna. Og sminkefjerneren går endelig den jobben nesten ingen andre sminkefjerner gjør. Tar maskaraen, uten at øynene ser ut som en krynkebyge etterpå.
10/10

S
Signe-Merete Hjartholm
Blitt hekta

Er såå fornøyd med produktene til Symre . Har no bodylotion , ansiktskrem , sminkefjerner og lepsyl . Wow seie eg bare !

M
Magnus Lukassen

Gåvepakke jul – Tonje sin favoritt 🎄

M
Margrethe Skogheim
Utrolig bra!

Nydelig konsistens som gir masse fukt!

G
Gry Hyttebakk

Gåvepakke jul – Tonje sin favoritt 🎄

Litt om solfaktor

Solfaktor – altså beskyttelsesstyrken på solkremen – blir gitt i ein skala frå 0 til 100. Men som eit eksempel så er det ikkje slik at faktor 15 gir så mykje meir beskyttelse enn faktor 30:

☀️ Faktor 15 blokkerer ca. 93 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 20 blokkerer ca. 95 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 30 blokkerer ca. 96 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 50 blokkerer ca. 98 % av UVB-strålar

Kjøp solkrem her!