Symre
Ansiktskrem med raudkløver, nyperoseolje og rosegeranium
Ansiktskrem med raudkløver, nyperoseolje og rosegeranium
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Symre ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje passar for alle hudtypar, men er særskilt god om du har urein hud eller hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og næringsrik.
Den inneheld få, men gode og naturlege ingredienser:
🌸 Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K.
🌸Uttrekk av raudkløver i tistelolje gir også masse næring til huda. Tistelolje er velegna til alle hudtypar, og er den vegetabilske olja som inneheld størst mengd av omega 6-feittsyra linolsyre. Økologisk raudkløver frå garden vår kan ha ein rensande, nærande og mjukgjerande effekt.
🌸 Nyperoseolje er særs næringsrik og har mellom anna eit høgt innhald av antioksidanter. Den kan ha ein regenererande, oppstrammande, helande og cellefornyande virkning. Dette er ei veldig god olje til ansiktet, og er ekstra godt egna til moden, tørr og sensitiv hud.
🌸 Rosegeranium er mykje brukt i hudpleie for sine eigenskapar mot urein hud, eksem og aldrande hud. Rosegeranium er ei nydeleg og djup lukt av rose. Den kan virka avslappende, og i tillegg ha ein betennelsesdempende, sårhelande og revitaliserende effekt.
Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar 💚
INNHALD INCI: Tallow, Carthamus Tinctorius Seed Oil, Trifolium Pratense Flower Extract, Pelargonium Roseum Leaf Oil, Pelargonium Grave Olens, *Citronellol, *Geraniol, *Linalool
* = Naturleg innhald i rosegeranium og geranium
INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå garden vår og frå andre utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk kaldpressa tistelolje, uttrekk av økologisk raudkløver frå garden vår, økologisk kaldpressa nyperoseolje, rosegeranium, geranium.
HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys.
Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport.
60 ML
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 69 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.




Kremen er beroligende og føles så god på huden. Den er også mye lettere å smøre på enn andre talgkremer jeg har prøvd på grunn av den luftige konsistensen.
Eneste som er litt kjedelig er at den ikke er så drøy som andre «fastere» talgkremer når det er så mye luft, så jeg føler ikke at jeg får like mye for pengene da prisen er lik andre leverandører som har en drøyere krem.
Denne kremen har jeg blitt glad i. Ikke sjenerende parfymelukt. Naturlig ingredienser og behagelig duft og konsistens som føles riktig for huden.
Super krem til min sensitive, kombinerte hudtype! Bruker den som dagkrem. Den trenger litt tid på å trekke inn, men holder huden fin hele dagen.
Aldeles nydelig for min voksne hud. Jeg har ingen plager med min hud ei heller tørrhet men liker å bruke økologiske produkter som inneholder minimalt med ingredienser. Jeg etterlater litt fukt på hals/ansikt. Da er det mye lettere å påføre kremen og du unngår å ha på for mye. Nydelig duft og konsistens.
Jeg har de siste 16 årene prøvd omtrent alt som finns på markedet for akne/uren hud, og dette er uten tvil den aller beste 🫶🏻
Jeg har nå brukt kremen i snart 9 mnd, og har gått gjennom 9 sykluser uten utbrudd av akne - det har ikke skjedd siden jeg først kom i puberteten. Kremen har god konsistens og lukter godt
