Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Symrehudkrem

Familiepakke haust 💚

Familiepakke haust 💚

Vanlig pris 810,00 NOK
Vanlig pris 900,00 NOK Salgspris 810,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.


Ei fin pakke hudpleie til heile familien 💚 Milde kremar og leppepomadar som kan brukast av både liten og stor.


Pakka inneheld:

Universalkrem med mynte

💙 Ein god krem til heile kroppen

👶 Kan brukast til barn (NB! Til spedbarn under 3 mnd bør ein ikkje bruke eteriske oljer, prøv heller då vår universalkrem naturell.)

🌿 Kan virke godt på muskelsmerter på såre bein og til å smøre under nesa ved forkjølelse. 

💚 God som nattkrem


Hudkrem naturell

💙 Ein god krem til heile kroppen, og spesielt god til eksem

💚 God som nattkrem 

🌿 Næringsrik kroppskrem etter ein varm dusj!

👶 God som bleiesalve – inneheld kun tre ingrediensar


Leppepomade naturell

Symre leppepomade naturell gjer leppene mjuke og gode, og inneheld kun 3 ingredienser! Til å lage leppepomaden brukar me talg frå eigen gard/utvalde nabogardar i lokalmiljøet vårt, me bruker økologisk olivenolje av høg kvalitet og lokal og økologisk honning frå Voss. 

Leppepomaden inneheld ikkje parfyme og eteriske oljer, så den kan vera eit godt alternativ for barn og personar med sensitiv hud og allergiar. Merk at ein ikkje skal gje honning til barn under 1 år. Denne leppepomaden inneheld honning, så unngå bruk på barn under 1 år.


Leppepomade med ryllik & mynte

💙 Bruk denne spesielt ved utbrot av munnsår eller rifter, sår på munnen – kan ha god og lindrande effekt. 

🌿 Inneheld uttrekk av ryllik som er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensane, såhelande og antiseptisk effekt på huda.  

💚 Leppepomaden har frisk smak av mynte & honning. Den er veldig dryg i bruk, ein treng veldig lite om gongen.

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Vis alle detaljer

Customer Reviews

Based on 2 reviews
100%
(2)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
G
Gunhild Maria Istad

Familiepakke haust 💚

A
Andrea Lamprecht

Fantastiske produkter, herlig konsistens og veldig behaglig på sensitivt hud. Det skal jeg har mer av.