Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Symrehudkrem

Velværepakke haust, er bestemor sine favorittar

Velværepakke haust, er bestemor sine favorittar

Vanlig pris 1.189,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 1.189,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Vil du gje ei gåve til nokon du er glad i? Eller til deg sjølv🩷?

Vår naturlege og økologiske hudpleie er laga med omsorg for mennesker, natur og miljø. Det er ei gåve med meining – handlaga på ein vakker vestlandsgard! 🌿

 

PAKKA INNEHELD:

Ansiktskrem med ringblomst og lavendel

Symre ansiktskrem med ringblomst, mandelolje & lavendel passar for alle hudtypar, men er særskilt god for tørr og sensitiv hud. Kremen er mjukgjerande og næringsrik.

Den inneheld få og naturlege ingrediensar:

💜 Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K.

💜 Ringblomstolje er eit vidundermiddel for huda. Ringblomst er ein av dei mest brukte vekstane i naturleg hudpleie. Den kan virke regenererande, helande og beroligande. Til tørr problemhud er dette ei veldig god olje. Ringblomst er også kjent for å vera helande for solbrent hud.

💜 Mandelolje er veldig mykje brukt i hudpleie for sine gode eigenskaper. Me brukar søt mandelolje som er økologisk og kaldpressa, slik at den bevarer mest mogleg av olje sine næringsstoff. Det er ei mild og halvfeit olje som passer til alle hudtypar. Men særskilt er mandelolje kjent for å vera bra for sensitiv og tørr hud. Mandelolje inneheld vitamin A, B1, B2 og E, og er rik på feittsyrer. Den kan virka lindrande på kløe og vera betennelsesdempande.

💜 Lavendel har ei nydeleg og beroligande lukt. Lavendel kan ha god effekt ved både eksem og lett solbrentheit.

+

Kroppskrem med nesle, løvetann & ylang-ylang som gir fuktigheit og næring. Spesielt beroligande ved irritert og nuppete hud etter barbering av legger, lår og bikinilinje. Brennesla er god til både hud, negler og hår ettersom den inneheld mykje silisium – eit viktig mineral for huda. Brennesle kan ha god effekt på eksem og irritert hud. Løvetann er ein allsidig plante som mellom anna inneheld A-vitamin A, B1, B2, C, D, E og biotin som er bra for hud, hår og negler. Nydeleg aroma av ylang-ylang. (60 ml)

+

Handkrem med furunålolje 30 ml er ein mjukgjerande og næringsrik handkrem. Særs god til tørre og sprukne hender. 

⭐️ Ikkje bruk mykje om gongen – du kjem langt med lite

🍁 Har du ekstra tørre hender? Eit tips er å smørja eit ekstra godt lag med handkrem på tørre hender like før leggetid. Då får det trekke godt inn i huda over natta

Leppepomade med ryllik & mynte er mjukgjerande og god for tørre og såre lepper. Talg gjer leppene mjuke og gir næring og fukt. Ryllik er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensane, såhelande og antiseptisk effekt på huda. Leppepomaden kan ha god effekt ved utbrot av munnsår og lindrar rifter og sår på munnen. Leppepomaden har frisk smak av mynte & honning. Den er veldig dryg i bruk, ein treng veldig lite om gongen.

+

Ekta talgljos laga på tradisjonelt vis. NORDljos inneheld kun talg og bivoks, har lang brenntid og brenn jamnt. Ljoset gir betre inneklima enn vanlege stearinljos. Talget kjem frå vår eigen vesle vestlandsgard, og frå andre gardar i nærområdet vårt som sikrar høg dyrevelferd og som driv på lag med klima og miljø.

Me nyttar berre det aller finaste talget til hudkremane våre. Men me vil gjerne nytte alle ressursar, og lagar difor ekta talgljos av resten – slik som i gamledagar. Talgljosa har lang brenntid, brenn jamt og gir betre inneklima enn vanlege stearinljos.

NORDljos er laga for hand på ein liten vestlandsgard. Ved å handle hjå oss får du trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard og bivoks.)

60 ML

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Vis alle detaljer

Customer Reviews

Be the first to write a review
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)