Symre
Handlaga skjærefjøl i eik - medium
Handlaga skjærefjøl i eik - medium
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Gutane våre – Michael (16 år) og Ola (14 år) – har verkeleg fått dreisen på handverket og har laga flotte skjærefjøler på verkstaden her på garden! Kvar einaste fjøl er laga i nydeleg eik, eit solid og slitesterkt materiale som berre blir finare med tida. Dei legg stoltheit i arbeidet sitt, og kvar fjøl er nøye pussa for hand slik at overflata blir mjuk og god å bruke. Fjølene vert leverte ferdig olja, klare til bruk, og med ei praktisk og dekorativ skinnsnor for oppheng.
Denne skjærefjøla måler 29 cm x 15 cm x 2 cm – ein veldig fin størrelse til servering av spekemat, ost og kjeks, men også perfekt til oppskoren frukt eller smårettar når du vil gjere litt ekstra stas på borddekkinga.
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 89 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–5 virkedagar.

Reviews in Other Languages