Hopp til produktinformasjon
1 av 7

Symre

Handlaga skjærefjøl i eik - liten

Handlaga skjærefjøl i eik - liten

Vanlig pris 249,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 249,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.
  • Visa
  • Mastercard
  • Apple Pay
  • Google Pay
  • Klarna
  • Vipps
Gutane våre – Michael (16 år) og Ola (14 år) – har verkeleg fått dreisen på handverket og har laga flotte skjærefjøler på verkstaden her på garden! Kvar einaste fjøl er laga i nydeleg eik, eit solid og slitesterkt materiale som berre blir finare med tida.
 
Dei legg stoltheit i arbeidet sitt, og kvar fjøl er nøye pussa slik at overflata blir mjuk og god å bruke. Fjølene vert leverte ferdig olja, klare til bruk, og med ei praktisk og dekorativ skinnsnor for oppheng.
 
Denne skjærefjøla måler 24 cm x 15 cm x 2 cm
Det er ein fin størrelse til å kutte frukt og grønsaker.
 
 
Skjærefjølene våre er handlaga med omtanke og ekte handverk på Een gard, vår familiebedrift oppe under fjellet Lønahorgi på Voss. På garden driv familien økologisk og tradisjonelt landbruk, og her hjelper både store og små til med ulike oppgåver.
 
Å lage skjærefjølene her er ein del av den same genuine gardskulturen – med fokus på kvalitet, kortreist handverk og lokale ressursar.

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 89 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–5 virkedagar.

Vis alle detaljer