Symrehudkrem
đ GĂ„vepakke đ Naturleg luksus til heile kroppen đŒ
đ GĂ„vepakke đ Naturleg luksus til heile kroppen đŒ
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
GĂ„vepakke med 100 % naturlege ingrediensar đđŒ
VĂ„r naturlege og Ăžkologiske hudpleie er laga med omsorg for mennesker, natur og miljĂž. Det er ei gĂ„ve med meining â handlaga pĂ„ ein vakker vestlandsgard! đż Perfekt som gĂ„ve til Valentines day eller morsdag! đ«¶
Â
PAKKA INNEHELD:
Kroppskrem med nesle, lĂžvetann & ylang-ylang som gir fuktigheit og nĂŠring. Spesielt beroligande ved irritert og nuppete hud etter barbering av legger, lĂ„r og bikinilinje. Brennesla er god til bĂ„de hud, negler og hĂ„r ettersom den inneheld mykje silisium â eit viktig mineral for huda. Brennesle kan ha god effekt pĂ„ eksem og irritert hud. LĂžvetann er ein allsidig plante som mellom anna inneheld A-vitamin A, B1, B2, C, D, E og biotin som er bra for hud, hĂ„r og negler. Nydeleg aroma av ylang-ylang. (50 ml)
+
Naturleg sminkefjerner & augebalsam i eitt! Fjerner sminke raskt og effektivt â bĂ„de vanleg maskara og vannfast maskara. Den skal ikkje vaskast av, og etterlet huda fin og smidig. Den er ein super augebalsam â gir ekstra god fukt, nĂŠring og pleie. Kan gjerne brukast som nattkrem. (15 ml)
+Â
Symre leppepomade med appelsin & raudbet friskar opp leppene og gir glans. Leppepomaden har ein nydeleg aroma av appelsin, og den flotte fargen kjem frÄ raudbet frÄ vÄr eigen Þkologiske marknadshage her pÄ garden. Leppepomaden gir god nÊring til tÞrre lepper. (15 ml)
Â
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle vĂ„re kremer er basert pĂ„ talg â fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frĂ„ vĂ„r eigen gard me Ăžnsker Ă„ bruke.
Talget er frÄ vÄr eigen Þkologiske gard, Een gard, eller frÄ Selheim gard pÄ Voss. Talget er frÄ grasfÎra dyr, og pÄ begge desse gardane har me stort fokus pÄ dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjÞper me hjÄ NEO (Norske eteriske oljer) FolgerÞ. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjÞper ogsÄ enkelte av dei eteriske oljene vÄre hjÄ Neo FolgerÞ.
Andre oljer kjÞper me hjÄ Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjÞper er Þkologiske, sÄ sant det er mogleg Ä fÄ tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frÄ vÄr eigen Þkologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smÞr pÄ. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag pÄ huda, sÄ har du brukt for mykje. PrÞv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tÞrr hud, sÄr og sprekker er Ä smÞrje seg ofte. SmÞr gjerne litt ekstra pÄ huda fÞr du legg deg om kvelden.
Kremen bĂžr oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt â 89 kr.
Fri frakt ved kjĂžp over 1000 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 1â3 virkedagar.




Hei - er fornĂžyd med Ăžyekremen og lepomaden - men kropps kremen - er ikke helt der pĂ„ den - er nok konsistensen - ansikts kremen er bare helt amazing - trodde den hadde litt annerledes konstens - men stĂ„ pĂ„ - dere har flotte produkter - skulle Ăžnske dere hadde litt smĂ„ prĂžver - skulle jeg reklamert pĂ„ sy mĂžte - er fire - uansett heier pĂ„ deređđ»
