Hopp til produktinformasjon
1 av 3

Symrehudkrem

💖 GĂ„vepakke til mor 💖đŸŒč

💖 GĂ„vepakke til mor 💖đŸŒč

Vanlig pris 607,00 NOK
Vanlig pris 675,00 NOK Salgspris 607,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Vil du gi ei unik gÄve til nokon du er glad i?

Denne vesle gĂ„vepakka inneheld vĂ„re absolutte favorittar til ansiktet! Har fĂ„r du naturleg og Ăžkologisk pleie med rĂ„varer av hĂžg kvalitet, pakka fint inn i ei gaveeske 💖 🎁

VĂ„r naturlege hudpleie er laga med omsorg for mennesker, natur og miljĂž. Det er ei gĂ„ve med meining – handlaga pĂ„ ein vakker vestlandsgard! 

 

GĂ„vepakka inneheld:

Symre ansiktskrem med raudklÞver & nyperoseolje (60 ml). Dette er ein ansiktskrem som passar for alle hudtypar. Men den er sÊrskilt god mot urein hud og for hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og nÊringsrik, med talg som har eit naturleg innhald av dei feittlÞyselege vitaminane A, D, E, K. Kremen inneheld ogsÄ villhausta raudklÞver frÄ garden vÄr, som kan ha ein rensande, nÊrande og mjukgjerande effekt. Nyperoseolje er god mot urein hud, rik pÄ antioksidantar og er sÊrs god for aldrande hud. Rosegeranium er mykje brukt i hudpleie for sine eigenskapar mot urein hud, eksem, aldrande hud. Kremen har ein rik aroma av rose.

Sminkefjerner & augebalsam (15 ml). Naturleg sminkefjerner & augebalsam i eitt! Fjerner sminke raskt og effektivt – bĂ„de vanleg maskara og vannfast maskara. Den skal ikkje vaskast av, og etterlet huda fin og smidig. Den er ein super augebalsam – gir ekstra god fukt, nĂŠring og pleie. Kan gjerne brukast som nattkrem. 

Symre leppepomade med appelsin & raudbet (15 ml). Friskar opp leppene og gir glans. Leppepomaden har ein nydeleg aroma av appelsin, og den flotte fargen kjem frÄ raudbet frÄ vÄr eigen Þkologiske marknadshage her pÄ garden. Leppepomaden gir god  nÊring til tÞrre lepper.

Meir om Ingrediensane

Alle vĂ„re kremer er basert pĂ„ talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frĂ„ vĂ„r eigen gard me Ăžnsker Ă„ bruke.

Talget er frÄ vÄr eigen Þkologiske gard, Een gard, eller frÄ Selheim gard pÄ Voss. Talget er frÄ grasfÎra dyr, og pÄ begge desse gardane har me stort fokus pÄ dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjÞper me hjÄ NEO (Norske eteriske oljer) FolgerÞ. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjÞper ogsÄ enkelte av dei eteriske oljene vÄre hjÄ Neo FolgerÞ.

Andre oljer kjÞper me hjÄ Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjÞper er Þkologiske, sÄ sant det er mogleg Ä fÄ tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frÄ vÄr eigen Þkologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smÞr pÄ. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag pÄ huda, sÄ har du brukt for mykje. PrÞv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tÞrr hud, sÄr og sprekker er Ä smÞrje seg ofte. SmÞr gjerne litt ekstra pÄ huda fÞr du legg deg om kvelden.

Kremen bĂžr oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 89 kr.

Fri frakt ved kjĂžp over 1000 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 1–3 virkedagar.

Vis alle detaljer

Customer Reviews

Based on 8 reviews
88%
(7)
13%
(1)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
L
Lise Rebecca WislĂžff MidtbĂž
Tipptopptommelopp

Hudkrem er faaantastisk. Lukter dÊilig og huden elsker den. Lebepomaden er allsidig som bare det. Kan lett brukes for litt farge i kinna. Og sminkefjerneren gÄr endelig den jobben nesten ingen andre sminkefjerner gjÞr. Tar maskaraen, uten at Þynene ser ut som en krynkebyge etterpÄ.
10/10

S
Signe-Merete Hjartholm
Blitt hekta

Er sÄÄ fornÞyd med produktene til Symre . Har no bodylotion , ansiktskrem , sminkefjerner og lepsyl . Wow seie eg bare !

M
Magnus Lukassen

GĂ„vepakke jul – Tonje sin favoritt 🎄

M
Margrethe Skogheim
Utrolig bra!

Nydelig konsistens som gir masse fukt!

G
Gry Hyttebakk

GĂ„vepakke jul – Tonje sin favoritt 🎄