Om oss

Symre betyr «blom som varslar sommar». Det er eit teikn på at alt skal vekse og gro igjen.

Symre hudkrem er laga av to søstrer på ein vakker vestlandsgard – i pakt med natur og økosystem. Me elskar å vera ute på ski, fjelltur, sopptur, sanke bær og ville vekstar og ikkje minst yoga. Me er for det meste saman 24/7, både når me arbeider med Symre og på fritida 🫶

 

Symre – på ein vakker vestlandsgard

Garden vår – Een gard – ligg på Voss oppunder fjellet Lønahorgi. Me er ei familiebedrift, med heile fire generasjonar som bur i same tun. Her hjelper både små og store til ved behov.

Me har grasfôra storfe av den lokale og bevaringsverdige gamalrasen Vestlandsk fjordfe, og garden vert drive etter økologiske og regenerative prinsipp. Det vil sei at me ikkje nyttar sprøytemiddel og at me arbeider aktivt for å ta vare på økosystem og eit rikt jordliv.

Me arbeider i takt med årstidene og med utgangspunkt i det garden har å by på. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret frå hovud til hale, så lagar me hudkrem av talget. Dyra våre går fritt ute på inn- og utmarksbeite store deler av året. Inne går dei fritt rundt i lausdrift og har tilgang på luftegard. Kalv og mor får vera saman. Me vil drive eit framtidsretta jordbruk på lag med klima og miljø.

 

Familien til Silje i tunet på garden 💚

 

Tonje i skogen – alltid på leiting etter sopp eller bær som kan bli med heim 🫐🍁

 

Me har ein flokk på nesten 45 dyr, med den bevaringsverdige og lokale rasen Vestlandsk fjordfe 🌿
 

Talg & ville vekstar frå utmark

Å lage hudpleie av talg er ein tradisjon som går mange hundre år tilbake i tid. Det er ein gløymt skatt i vår tid – ein ressurs me må ta vare på!

Talg av grasfôra storfe har særs lik feittsyreprofil som huda vær. Den inneheld dei feittløyselege vitaminane A, D, K og E. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng.

I tillegg til talg inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar. Meir treng ein ikkje, og slik er det enkelt å vite kva du smører på huda di. Me haustar plantar som ryllik, raudkløver, løvetann, groblad og mynte frå inn- og utmark. I tillegg til nøye utvalde økologiske oljer av høg kvalitet. Les meir om dei fantastiske eigenskapane til talg her!

 

 

Handlaga kvalitetsprodukt

Alle hudkremane våre er handlaga av oss, og dei er sertifisert gjennom merkevareordninga Norwegian Made. Når du kjøper eit produkt merka med Norwegian Made støttar du bærekraftig, grøn og etisk produksjon. Du kjøper noko som er laga for å vare, som er laga med kjærleik.

Hudkremane våre er også registrerte etter norsk lov og godkjente sikkerheitsrapportar. Slik kan du vera heilt trygg på det du kjøper.

Som vår kunde støttar du eit framtidsretta jordbruk basert på god dyrevelferd og til det beste for miljø og klima. Du støttar produksjon av handlaga, ærlige og lokale varer og kvinnelege småskalaprodusentar.