Symrehudkrem
Familiepakke sommer
Familiepakke sommer
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Ei fin pakke hudpleie til heile familien, med milde kremar med få ingrediensar.
Pakka inneheld:
💙 Lindrar småsår og rifter
☀️ Lindrar godt ved brannsår og solbrent hud
🐝 Lindrar kløe ved insektsstikk
🌸 Eksem
💙 Ein god krem til heile kroppen, og spesielt god til eksem
💚 God som nattkrem
🌿 Næringsrik kroppskrem etter ein varm dusj!
👶 God som bleiesalve – inneheld kun tre ingrediensar
Solkrem naturell SPF 30 (50 ml)
Naturleg solkrem med fysisk solfilter (mineralsolkrem) som beskytter mot UVA- og UVB-strålar. Solkremen har SPF 30. Me brukar dei naturlege solfiltera Sinkoksid NON-NANO og Titandioksid NON-NANO. Fysiske solfilter virkar ved å legge ei hinne på huda, som reflekterer og sprer UV-strålane og dermed beskytter huda.
Solkrem med fysisk solfilter og naturlege ingrediensar kan passe ekstra fint for barn og personar med allergi / sensitiv hud. Og denne solkremen inneheld ingen parfyme eller eteriske oljer.
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 89 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–5 virkedagar.

Reviews in Other Languages