Hopp til produktinformasjon
1 av 8

Symrehudkrem

💖 Gåvepakke 💖Naturleg luksus til ansikt 🌹

💖 Gåvepakke 💖Naturleg luksus til ansikt 🌹

Vanlig pris 675,00 NOK
Vanlig pris 750,00 NOK Salgspris 675,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Denne vesle gåvepakka inneheld våre absolutte favorittar, og er den perfekte gåva til kjæreste eller mor 💖 Og den kjem i ei nydeleg gåveeske.

Vår naturlege hudpleie er laga med omsorg for mennesker, natur og miljø. Det er ei gåve med meining – handlaga på ein vakker vestlandsgard 🫶

 

Gåvepakka inneheld:

Symre ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje (60 ml). Dette er ein ansiktskrem som passar for alle hudtypar. Men den er særskilt god mot urein hud og for hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og næringsrik, med talg som har eit naturleg innhald av dei feittløyselege vitaminane A, D, E, K. Kremen inneheld også villhausta raudkløver frå garden vår, som kan ha ein rensande, nærande og mjukgjerande effekt. Nyperoseolje er god mot urein hud, rik på antioksidantar og er særs god for aldrande hud. Rosegeranium er mykje brukt i hudpleie for sine eigenskapar mot urein hud, eksem, aldrande hud. Kremen har ein rik aroma av rose.

Sminkefjerner & augebalsam (50 ml). Naturleg sminkefjerner & augebalsam i eitt! Fjerner sminke raskt og effektivt – både vanleg maskara og vannfast maskara. Den skal ikkje vaskast av, og etterlet huda fin og smidig. Den er ein super augebalsam – gir ekstra god fukt, næring og pleie. Kan gjerne brukast som nattkrem. 


Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Vis alle detaljer

Customer Reviews

Based on 5 reviews
100%
(5)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
B
Benedicte Sjøvold

Jeg har ikke fått produktene enda.
Håper de kommer snart

K
Katrine Aasbø
Anbefales!

Augebalsamen fungerer veldig effektivt på all sminke. Ansiktskremen har ei god duft og er drøy i bruk.

M
Margrethe Skogheim

Nydelig konsistens og kjennes så godt på huden . Anbefaler den til alle eg kjenner!!

A
Anine imset

Gåvepakke jul – Silje sin favoritt 🎄

H
Hilde Toft

Veldig fornøyd. Har aldri vært flink til å bruke rensekrem/dagkrem. Disse er nå i bruk hver dag fordi de er enkle å bruke godet er laget av naturlig "råstoff".