Gå til produktinformasjon
1 of 3

Symre

Solkrem 20 med lavendel

Solkrem 20 med lavendel

Ordinær pris 330,00 NOK
Ordinær pris Salgspris 330,00 NOK
På sal Utseld
Inkl. mva Fastfraktpris – 60 kr

Dette er ein naturleg solkrem med fysisk solfilter som beskytter mot UVA- og UVB-stråler. Me brukar det naturlege solfilteret tiosol frå Urtegaarden i Danmark. Fysiske solfiltere, som Tiosol, virker ved å legge en hinne på huden, som reflekterer og sprer UV-strålerne og derved beskytter huden. Det aktive stoffet i Tiosol er det naturlige mineralet titandioxid (ikkje-nano form). Solkrem med fysisk solfilter og naturlege ingrediensar kan passe ekstra fint for personar med allergi / sensitiv hud.

Solkremen inneheld i tillegg ei rekke gode oljer som bidreg til å gi næring og regenerere huda:

💛 Ringblomst av økologisk ringblomsturt uttrekt i mandelolje: Virkar regenererande og helande, og lindrar solforbrenning.

💛 Jojobaolje: Beskyttar og gjenoppbygger hudbarrieren, har antibakterielle og antiinfammatoriske eigenskaper og inneheld i tillegg naturleg solbeskyttelse.

💛 Hvetekimolje: Ei veldig næringsrik olje med høyt innhold av E-vitamin.

💛 Gulrotfrøolje: Ei naturleg frøolje, full av antioksidantar og essensielle feittsyrer.

Solkremen er utruleg dryg i bruk – smør på veldig små menger om gongen.


INNHALD INCI: Tallow, Carthamus Tinctorius Seed Oil, Titanium Dioxide, Polyhyroxystearic Acid, Silica, Urtica Dioica Leaf Extract, Prunus Amygdalus Dulcis, Calendula Officinali, Simmondsia Chinensis, Triticum Vulgare Germ Oil, Daucos Carota Stativa Seed Oil, Cera Alba, Lavandula angustifolia oil, *Limonene, *Geraniol, *Linalol.

*= Naturleg virkestoff i lavendel.

INNHALD: Tiosol (mineralet titandioxid ikkje-nanoform, blanda med tistelolje), talg, ringblomstolje, uttrekk av nesle, jojobaolje, hvetekimolje, golrotfrø, bivoks, eterisk olje av lavendel.

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. 

Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport. 

50 ML


Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Sjå alle detaljar

Customer Reviews

Based on 4 reviews
75%
(3)
25%
(1)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
V
Veronica Frafjord

Solkrem 20 med lavendel

E
Ellen Kenner

Solkrem 20 med lavendel

L
Liv annette Tingvik

Solkrem 20 med lavendel

G
Gunnhild
God solkrem

Det eg liker best med symre solkrem er at den er skikkelig drøy og du har den lenge. Den lukter lavendel , gir god beskyttelse og er god for huden. Veldig smart boks også, enkel å ha med seg i ei lita veske.

Litt om solfaktor

Solfaktor – altså beskyttelsesstyrken på solkremen – blir gitt i ein skala frå 0 til 100. Men som eit eksempel så er det ikkje slik at faktor 15 gir så mykje meir beskyttelse enn faktor 30:

☀️ Faktor 15 blokkerer ca. 93 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 20 blokkerer ca. 95 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 30 blokkerer ca. 96 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 50 blokkerer ca. 98 % av UVB-strålar

Kjøp solkrem her!