Gå til produktinformasjon
1 of 4

Symre

Sminkefjerner & augebalsam naturell

Sminkefjerner & augebalsam naturell

Ordinær pris 380,00 NOK
Ordinær pris Salgspris 380,00 NOK
På sal Utseld
Inkl. mva Fastfraktpris – 60 kr
Size

Naturleg sminkefjerner & augebalsam i eitt! Fjerner sminke raskt og effektivt – både vanleg maskara og vannfast maskara. Den skal ikkje vaskast av, og etterlet huda fin og smidig. Den er ein super augebalsam – gir ekstra god fukt, næring og pleie. Kan gjerne brukast som nattkrem.

Du får den både i liten reisestørrelse på 15 ml som passer perfekt i sminkeveska eller ein litt større boks på 50 ml. Den er veldig dryg i bruk!

Inneheld ingen parfyme. 


KORLEIS BRUKE KREMEN:

Smør tynt på i ansiktet og tørk forsiktig av med ein mjuk klut / sminkepad. For å fjerne maskara så smører du litt på auge/augevipper og gnikker lett. Tørk av med mjuk klut / sminkepad. Skal ikkje vaskast av! Når all sminke er fjerna så smører du på litt ekstra rundt augo, men gjerne også i resten av ansiktet om du ønsker det. Kremen fungerer veldig godt som nattkrem, og er ein god balsam til hovne, raude, tørre auger.

Kremen inneheld ei rekke næringsrike ingredienser:  

🌿 Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K.

🌿 Mandelolje er mjukgjerande og beskyttande, med god effekt for tørr og sensitiv hud. Balanserer huda si olje- og fuktnivå. Passer dei fleste hudtypar. 

🌿 Squalane er utvunne av olivenolje og gjer huda silkemjuk! Squalane er fuktigheitsbevarande, beskyttande og regenererande. God til følsom hud. 

🌿 Bivoks bevarer fuktigheit i huda og beskytter. 


INNHALD INCI: Tallow, Prunus Amygdala's Dulcis Oil, Olive Squalane, Cera Alba

INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå eigen gard og frå utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk kaldpressa mandelolje, squalane, bivoks

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. 

Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport.

15 ML / 50 ML

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Sjå alle detaljar

Customer Reviews

Based on 2 reviews
100%
(2)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
A
Anine imset

Sminkefjerner & augebalsam naturell

E
Elisabeth Liland
Deilig

Deilig og behagelig å smøre rundt augene på kvelden. Spesielt no i påska med mange dagar ute i all slags vær. Bruker sjelden sminke, så ikkje fått prøvd den som sminkefjerner endå. Anbefales.

Litt om solfaktor

Solfaktor – altså beskyttelsesstyrken på solkremen – blir gitt i ein skala frå 0 til 100. Men som eit eksempel så er det ikkje slik at faktor 15 gir så mykje meir beskyttelse enn faktor 30:

☀️ Faktor 15 blokkerer ca. 93 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 20 blokkerer ca. 95 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 30 blokkerer ca. 96 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 50 blokkerer ca. 98 % av UVB-strålar

Kjøp solkrem her!