Gå til produktinformasjon
1 of 3

Symre

Leppepomade naturell

Leppepomade naturell

Ordinær pris 120,00 NOK
Ordinær pris Salgspris 120,00 NOK
På sal Utseld
Inkl. mva Fastfraktpris – 60 kr

Symre leppepomade naturell gjer leppene mjuke og gode, og inneheld kun 3 ingredienser! 

Leppepomaden inneheld ikkje parfyme og eteriske oljer, så den kan vera eit godt alternativ for barn og personar med sensitiv hud og allergiar. Merk at ein ikkje skal gje honning til barn under 1 år. Denne leppepomaden inneheld honning, så unngå bruk på barn under 1 år.

Til å lage leppepomaden brukar me talg frå eigen gard/utvalde nabogardar i lokalmiljøet vårt, me bruker økologisk olivenolje av høg kvalitet og lokal og økologisk honning frå Voss. 


INNHALD INCI: Tallow, Mel, Olea Europaea Fruit Oil.

INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå garden vår og frå andre utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk olivenolje, økologisk honning frå Voss.

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. 

 

Leppepomaden er sertifisert og har sikkerheitsrapport.

15 ML

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Sjå alle detaljar

Customer Reviews

Based on 1 review
100%
(1)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
E
Ellen Merete
Nydelig leppepomade

Siden jeg er treblåser sliter jeg med herpesutbrudd på leppene etter mye øving. Deres leppepomade stoppet dette helt, denne gangen. Fin konsistens og holder leppene myke lenge. Strålende produkt.

Litt om solfaktor

Solfaktor – altså beskyttelsesstyrken på solkremen – blir gitt i ein skala frå 0 til 100. Men som eit eksempel så er det ikkje slik at faktor 15 gir så mykje meir beskyttelse enn faktor 30:

☀️ Faktor 15 blokkerer ca. 93 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 20 blokkerer ca. 95 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 30 blokkerer ca. 96 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 50 blokkerer ca. 98 % av UVB-strålar

Kjøp solkrem her!