Gå til produktinformasjon
1 of 3

Symre

Leppepomade med appelsin & raudbet

Leppepomade med appelsin & raudbet

Ordinær pris 125,00 NOK
Ordinær pris Salgspris 125,00 NOK
På sal Utseld
Inkl. mva Fastfraktpris – 60 kr

Symre leppepomade med appelsin & raudbet friskar opp leppene og gir glans. Leppepomaden har ein nydeleg aroma av appelsin, og den flotte fargen kjem frå raudbet frå vår eigen økologiske marknadshage her på garden. Leppepomaden gir god  næring til tørre lepper.

Symre leppepomade med appelsin og raudbet er laga med talg – naturleg hudpleie laga på ein liten vestlandsgard. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar – mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di.

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.


INNHALD INCI: Tallow, Mel, Olea Europaea Fruit Oil, Beta Vulgaris Extract, Citrus Sinensis Peel Oil Expressed, *Limonene, *Linalol

*= Limonene og linalol er naturlege virkestoff i eterisk olje av appelsin.

INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå garden vår og frå andre utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk olivenolje, økologisk honning frå Voss, økologisk raudbet frå garden vår, økologisk eterisk olje av appelsin.

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. 


Leppepomaden er sertifisert og har sikkertheitsrapport. 

15 ML

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Sjå alle detaljar

Customer Reviews

Based on 14 reviews
100%
(14)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
A
Anine imset

Leppepomade med appelsin & raudbet

H
Hilde Toft

Fornøyd.

J
Jeanette Anniken Viddal
Ny favoritt!

Elsker denne. Endelig har jeg funnet en leppepomade som gjør leppene mykere og ikke må påføres 100 ganger om dagen. Nydelig farge som gjør at leppene ser ekstra sunne og freshe ut. Inneholder bare bra ingredienser som ikke er farlige å få i seg.

B
Benedicte Hurlen
En nydelig leppepomade

Elsker denne! Så god på leppene og gir en fin rosa tone helt naturlig!

S
Signe-Merete Hjartholm
Wow!

Dette e desidert den beste lepsylen eg har hatt. Lukter og smaker til og med godt. Og heeeilt naturlig! Elsker!

Litt om solfaktor

Solfaktor – altså beskyttelsesstyrken på solkremen – blir gitt i ein skala frå 0 til 100. Men som eit eksempel så er det ikkje slik at faktor 15 gir så mykje meir beskyttelse enn faktor 30:

☀️ Faktor 15 blokkerer ca. 93 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 20 blokkerer ca. 95 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 30 blokkerer ca. 96 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 50 blokkerer ca. 98 % av UVB-strålar

Kjøp solkrem her!