Gå til produktinformasjon
1 of 5

Symre

Ansiktskrem med ringblomst & lavendel

Ansiktskrem med ringblomst & lavendel

Ordinær pris 370,00 NOK
Ordinær pris Salgspris 370,00 NOK
På sal Utseld
Inkl. mva Fastfraktpris – 60 kr

Symre ansiktskrem med ringblomst, mandelolje & lavendel passar for alle hudtypar, men er særskilt god for tørr og sensitiv hud. Kremen er mjukgjerande og næringsrik.

Den inneheld få og naturlege ingrediensar:

💜 Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K.

💜 Ringblomstolje er eit vidundermiddel for huda. Ringblomst er ein av dei mest brukte vekstane i naturleg hudpleie. Den kan virke regenererande, helande og beroligande. Til tørr problemhud er dette ei veldig god olje. Ringblomst er også kjent for å vera helande for solbrent hud.

💜 Mandelolje er veldig mykje brukt i hudpleie for sine gode eigenskaper. Me brukar søt mandelolje som er økologisk og kaldpressa, slik at den bevarer mest mogleg av olje sine næringsstoff. Det er ei mild og halvfeit olje som passer til alle hudtypar. Men særskilt er mandelolje kjent for å vera bra for sensitiv og tørr hud. Mandelolje inneheld vitamin A, B1, B2 og E, og er rik på feittsyrer. Den kan virka lindrande på kløe og vera betennelsesdempande.

💜 Lavendel har ei nydeleg og beroligande lukt. Lavendel kan ha god effekt ved både eksem og lett solbrentheit.



Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar 💚


INNHALD INCI: Tallow, Prunus Amygdalus Dulcis, Calendula Officinali, Lavandula Angustifolia Oil, *Limonene, *Geraniol, *Linalol 

*Naturleg virkestoff i lavendel

INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå garden vår og frå andre utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk mandelolje, økologisk ringblomstolje, økologisk lavendel

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. 

Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport.

60 ML

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Sjå alle detaljar

Customer Reviews

Based on 1 review
100%
(1)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
S
Siv Volden

Ansiktskrem med ringblomst & lavendel

Litt om solfaktor

Solfaktor – altså beskyttelsesstyrken på solkremen – blir gitt i ein skala frå 0 til 100. Men som eit eksempel så er det ikkje slik at faktor 15 gir så mykje meir beskyttelse enn faktor 30:

☀️ Faktor 15 blokkerer ca. 93 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 20 blokkerer ca. 95 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 30 blokkerer ca. 96 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 50 blokkerer ca. 98 % av UVB-strålar

Kjøp solkrem her!