Hopp til produktinformasjon
1 av 4

Symre

Vårfavoritt ansikt - ansiktskrem, solkrem og sminkefjerner

Vårfavoritt ansikt - ansiktskrem, solkrem og sminkefjerner

Vanlig pris 989,00 NOK
Vanlig pris 1.099,00 NOK Salgspris 989,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.
  • Visa
  • Mastercard
  • Apple Pay
  • Google Pay
  • Klarna
  • Vipps

Gå våren i møte med denne herlege pakka frå oss i Symre – ei nøye samansett samling av favorittar for ansiktet ditt! Her får du både ansiktskrem, solkrem og sminkefjerner i éi praktisk pakke, perfekt tilpassa dei lysare og mildare vårdagane.

Gi ansiktet ditt den eigenpleia det fortener i vårsola – med reine, naturlege ingrediensar som tek vare på huda di på ein skånsam og effektiv måte. Denne pakka er laga for å gi næring, fukt og beskyttelse gjennom heile dagen, samtidig som ho støttar hudas naturlege balanse.

 

Vårfavoritt ansikt - ansiktskrem, solkrem og sminkefjerner inneheld:

Vår absolutte bestselgar – ein rik og pleiande ansiktskrem med raudkløver, nyperoseolje og rosegeranium (60 ml), saman med ein mild og naturleg solkrem med faktor 20 (50 ml). TIPS! For dagleg beskyttelse kan du blande litt ansiktskrem og solkrem kvar morgon før du går ut døra. Dette gir både fukt og solvern i eitt steg, og kan lett bli ein fast del av di daglege rutine.

I tillegg får du ein skånsam sminkefjerner og augebalsam (50 ml) som berre inneheld naturlege ingrediensar. Han fjernar effektivt sjølv vassfast maskara, samtidig som han pleier den sarte huda rundt augo. Bruk han også som augebalsam eller nærande nattkrem – påfør litt ekstra under augo eller i heile ansiktet før leggetid for ei mjuk og hydrert hud når du vaknar.

 

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 89 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–5 virkedagar.

Vis alle detaljer