Een gard
Urtesalt - lokalmat frå garden vår på Voss
Urtesalt - lokalmat frå garden vår på Voss
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Urtesalt med urter frå kjøkkenhagen og ville vekstar frå utmark – ein ekte smak av naturen! Dette urtesaltet er perfekt til å løfte smaken i gryter, supper, sausar eller på frisk salat. Den balanserte kombinasjonen av tørka urter og aromatiske ville vekstar gir maten ei herleg djupne og ein naturleg smak som passar til både kvardagsmat og festmåltid. Bruk det som ein smakfull avslutning på retten, eller som ein del av marinader og dressingar – urtesaltet gjer det enkelt å tilføre smak og gode ingrediensar i kosthaldet ditt.
HANDLAGA PÅ EEN GARD: Een gard på Voss er familiegarden vår, og her har me halde til i generasjonar. Garden er økologisk og drivast etter regenerative prinsipp, med stort fokus på dyrevelferd. I tillegg til hudpleieserien vår, Symre, sel me økologisk kjøt og handlaga produkt laga av råvarer frå både innmark og utmark. Vårt mål er å tilby varer av høg kvalitet med lokale ingrediensar, og samtidig bidra til levande landbruk og bygder som held liv i tradisjonar og natur. Kvar produkt har ein historie – direkte frå vår gard til ditt kjøkken.
INNHALD:Havsalt, løpstikke, pipeløk, oregano, grasløk, brennesle.
100 g
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 89 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–5 virkedagar.
