Hopp til produktinformasjon
1 av 5

Symre

Potesalve til hund – til bruk heile året!

Potesalve til hund – til bruk heile året!

Vanlig pris 149,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 149,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Me er veldig glad i dyr her på garden! Her er det kyr, kattar og hund. Og saman med gutane våre Mathias (11) og Johannes (9) har me no utvikla ei potesalve (labbefett) til hund med 100 % naturlege og økologiske ingrediensar. Også dyr fortener naturleg hudpleie utan skumle stoff!

Hundepotar får mykje å tole – både vinter og sommar.

❄️ Om vinteren kan frost, is, skare og vegsalt tørke ut og skade potane.

☀️Om sommaren kan varm asfalt, grus og tørr jord gi sprekkar og sår.

Vår potesalve vernar potane året rundt! Ho held dei mjuke, styrkjer huda og legg ein beskyttande hinne som reduserer påverknad frå snø, salt, varme og smuss. Salva inneheld naturlege ingrediensar som talg og bivoks – både beskyttande og vann- og smussavvisande.

Bruk potesalve før og etter tur, uansett årstid, for å førebyggje skader og halde potane sunne.


Kan òg brukast som sårsalve.

 

TIPS TIL BRUK:

Bruk ei lita mengd til å smørje potane til hunden din før og etter tur. Salva trekker raskt inn. Enkelte hundar likar å sleike seg på potane når ein smørjer på. For å forhindre dette er det ein veldig god ide å distrahere hunden med litt godbitar! 

Innhald: Økologisk, kaldpressa tistelolje, økologisk talg frå vår eigen gard (og andre utvalde gardar i nærmiljøet), bivoks, økologisk lavendel, einer

50 ML

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 89 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1000 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 1–3 virkedagar.

Vis alle detaljer

Customer Reviews

Based on 1 review
100%
(1)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
A
Annabel
Super potesalve

Enkel å påføre og lukter veldig godt!
God effekt på tørre poter.

Reviews in Other Languages