Symrehudkrem
Påskepakke 🐣💛
Påskepakke 🐣💛
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Beskytt huda di i påsken med vår påskepakke! 🐣💛
Pakka inneheld:
🐣 Naturleg solkrem SPF20 med fysisk solfilter som beskytter mot UVA- og UVB-strålar. Det er viktig å beskytte huda i påskefjellet 😎☀️
🐣 Næringsrik universalkrem med mynte. Denne kremen er perfekt som kuldekrem. Bruk den i påskefjellet til heile familien. Den er super til tørr hud og til eksem. Universalkremen kjem i ein praktisk boks på 30 ml, som er lett å ha med seg i lomma.
🐣 Kløsalve! Denne vesle salva på 15 ml kan du ha med deg overalt! Den er perfekt som forebygging til gnagsår før lange skiturar (smør på salva, legg på plaster over, så forebygger du gnagsår). Den er også redninga på gnagsår som klør og skal gro.
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 89 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–5 virkedagar.

Reviews in Other Languages