Hopp til produktinformasjon
1 av 3

Symre

NYHEIT! Ansiktskrem naturell – uten parfyme, god til eksem

NYHEIT! Ansiktskrem naturell – uten parfyme, god til eksem

Vanlig pris 314,00 NOK
Vanlig pris 370,00 NOK Salgspris 314,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.
  • Visa
  • Mastercard
  • Apple Pay
  • Google Pay
  • Klarna
  • Vipps

Symre ansiktskrem naturell er ein silkemjuk krem med kun to ingrediensar! Den passar for alle hudtypar, men er særskilt god for eksem og sensitiv hud. Kremen er mjukgjerande og næringsrik.

Den inneheld berre to naturlege ingrediensar:

🌼 Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K.

🌼 Økologisk ringblomstolje er eit vidundermiddel for huda. Ringblomst er ein av dei mest brukte vekstane i naturleg hudpleie. Den kan virke regenererande, helande og beroligande. Til tørr problemhud er dette ei veldig god olje. Ringblomst er også kjent for å vera helande for solbrent hud.

Ansiktskremen har ei mild lukt av talg og planteolje. Perfekt for deg som ynskjer få og reine ingredienser utan parfyme i hudpleien din. Ansiktskremen er også spesielt utvikla for deg som slit med å finne produkt du tåler, men som samtidig kan gje god næring til huda.


Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar 💚


INNHALD INCI: Tallow, Calendula Officinali

INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå garden vår og frå andre utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk ringblomstolje

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. 

Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport.

60 ML

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 89 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–5 virkedagar.

Vis alle detaljer