Hopp til produktinformasjon
1 av 3

Symre

NORDljos – ekte talglys

NORDljos – ekte talglys

Vanlig pris 150,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 150,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Ekta talgljos – laga på tradisjonelt vis. NORDljos inneheld kun talg og bivoks, har lang brenntid og brenn jamnt. Ljoset gir betre inneklima enn vanlege stearinljos. Talget kjem frå vår eigen vesle vestlandsgard, og frå andre gardar i nærområdet vårt som sikrar høg dyrevelferd og som driv på lag med klima og miljø.

Me nyttar berre det aller finaste talget til hudkremane våre. Men me vil gjerne nytte alle ressursar, og lagar difor ekta talgljos av resten – slik som i gamledagar. Talgljosa har lang brenntid, brenn jamt og gir betre inneklima enn vanlege stearinljos.

NORDljos er laga for hand på ein liten vestlandsgard. Ved å handle hjå oss får du trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.

(Innhald: Talg av grasfôra, økologisk storfe frå Een gard og bivoks.)

60 ML

Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Vis alle detaljer