Leppepomade med ryllik & mynte
Leppepomade med ryllik & mynte
Symre leppepomade med ryllik & mynte er mjukgjerande og god for tørre og såre lepper. Talg gjer leppene mjuke og gir næring og fukt. Ryllik er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensande, sårhelande og antiseptisk effekt på huda. Leppepomaden kan ha god effekt ved utbrot av munnsår og lindrar rifter og sår på munnen. Leppepomaden har frisk smak av mynte & honning. Den er veldig dryg i bruk, ein treng veldig lite om gongen.
INNHALD INCI: Tallow, Mel, Olea Europaea Fruit Oil, Achillea Millefolium Flower Extract, Mentha Piperita.
INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå garden vår og frå andre utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk olivenolje, økologisk honning frå Voss, uttrekk av økologisk ryllik, eterisk olje av peppermynte.
HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys.
Leppepomaden er sertifisert og har sikkertheitsrapport.
15 ML
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 69 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.