Symrehudkrem
Fjellbit Sjampo nesle og ryllik
Fjellbit Sjampo nesle og ryllik
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Fjellbit nesle og ryllik sjampo
Få reint hår og hovudbotn med Fjellbit sin heimelaga sjampo med nesle og ryllik – ein allergivenleg og naturleg sjampo heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.
Den heimelaga sjampoen er laga av naturlege ingrediensar i Skjåk – av lokale fagfolk frå Skjåk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.
SJAMPOEN INNEHELD EI REKKE GODE INGREDIENSAR:
Fjellbit Sjampo er ein naturleg, allergivenleg og miljøvenleg sjampo med 100 % naturlege ingrediensar.
Dette er ein mild, fast shampo laga av oljer og urter som er gode for hår og hovudbotn. Den vil motverke feitt hår, men likevel gje pleie til hår og hovudbotn.
“Brennheto” er dialekt for urten nesle. Nesle er ei kjelde til ei rekke mineral og vitamin, og er rekna som ei av dei mest næringsrike i naturen. Avkok av nesle er kjent for å motvirke flass og gje glansfullt hår. Du kan difor nytte produktet som ein sjampo mot flass. Ryllik er også ei urt kjent for å vere fin å bruke i hårvask.
KORLEIS BRUKE SJAMPOEN:
Sjampo, men kan også nyttast som hånd- og kroppssåpe. Fukt sjampobaren i vatn og skum i handa eller direkte i håret. Skyll ut med lunka eller varmt vatn.Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid. Sjamposåpa kan gjerne brukast til resten av kroppen som ein dobbeltdusj om du ynskjer å bruke berre ei såpe.INNHALD INCI: Olea Europaea Oil, Cocos nucifera oil, neetle leaf, Achillea millefolium.
INNHALD PÅ NORSK: olivenolje, kokosolje, nesle, ryllik.
PRODUKTFORDELAR:
- Mild og skånsom for hud og hovudbotn
- 100 % naturlege ingrediensar
- Lokalt sanka urter
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Motverkar feitt hår
- Fin på reise
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
- Fin som hundesjampo
Ca. 100g
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 89 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1000 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 1–3 virkedagar.

