Hopp til produktinformasjon
1 av 4

Symre

Haustpakke ansikt

Haustpakke ansikt

Vanlig pris 759,00 NOK
Vanlig pris 870,00 NOK Salgspris 759,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Gå hausten i møte med denne herlege haustpakka frå oss i Symre! Gi ansiktet ditt god eigenpleie no som dagane vert kaldare – med naturlege ingrediensar!

Pakka inneheld:

Vår nydelege ansiktskrem med ringblomst og lavendel

Symre ansiktskrem med ringblomst, mandelolje & lavendel passar for alle hudtypar, men er særskilt god for tørr og sensitiv hud. Kremen er mjukgjerande og næringsrik.

Den inneheld få og naturlege ingrediensar:

💜 Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K.

💜 Ringblomstolje er eit vidundermiddel for huda. Ringblomst er ein av dei mest brukte vekstane i naturleg hudpleie. Den kan virke regenererande, helande og beroligande. Til tørr problemhud er dette ei veldig god olje. Ringblomst er også kjent for å vera helande for solbrent hud.

💜 Mandelolje er veldig mykje brukt i hudpleie for sine gode eigenskaper. Me brukar søt mandelolje som er økologisk og kaldpressa, slik at den bevarer mest mogleg av olje sine næringsstoff. Det er ei mild og halvfeit olje som passer til alle hudtypar. Men særskilt er mandelolje kjent for å vera bra for sensitiv og tørr hud. Mandelolje inneheld vitamin A, B1, B2 og E, og er rik på feittsyrer. Den kan virka lindrande på kløe og vera betennelsesdempande.

💜 Lavendel har ei nydeleg og beroligande lukt. Lavendel kan ha god effekt ved både eksem og lett solbrentheit.

+

Sminkefjerner & augebalsam (stor boks 50 ml) er alltid godt å ha! Fjerner sminke raskt og effektivt – både vanleg maskara og vannfast maskara. Den skal ikkje vaskast av, og etterlet huda fin og smidig. Denne er også ein utruleg næringsrik krem, som passer perfekt som augebalsam. Smør litt under augo kvar kveld. No utover hausten kan denne også veldig fint brukast som nattkrem til heile ansiktet, om huda treng litt ekstra næring. Augebalsamen vår inneheld den unike samansetninga av næringsrikt talg og squalane. Squalane er utvunne av olivenolje og gjer huda silkemjuk! Squalane er fuktigheitsbevarande, beskyttande og regenererande. 

+

Leppepomade med ryllik og peppermynte er vår absolutte haustfavoritt. Ein merker det fort når dagane vert kaldare utover hausten, at også leppene treng litt eigenpleie. Symre leppepomade med ryllik & peppermynte er mjukgjerande og god for tørre og såre lepper. Talg gjer leppene mjuke og gir næring og fukt. Ryllik er ein gamal medisinplante med fantastiske eigenskaper, som mellom anna har ein rensane, såhelande og antiseptisk effekt på huda. Leppepomaden kan ha god effekt ved utbrot av munnsår og lindrar rifter og sår på munnen. Leppepomaden har frisk smak av mynte & honning.


Meir om Ingrediensane

Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.

Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.

Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie

Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.

Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.

Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.

Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.

Korleis bruke kremen

Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.

Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.

Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.

Frakt

Fast frakt – 69 kr.

Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.

Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.

Vis alle detaljer

Customer Reviews

Based on 2 reviews
100%
(2)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
C
Camilla Skjønhaug
Haustpakke

Keg er veldig fornøyd med haustpakken eg kjøpte .. og eg kjøpte den fordi eg har vært så fornøyd med de andre produktene jeg har kjøpt .. hadde med meg på besøk til min mor og hun fikk prøve og ble så fornøyd at hun og bestilte fra dere :)

A
Anita
Nydelige naturprodukter

Dette er andre gang jeg bestiller hos Symre. Veldig gode produkter som passer godt til min sensitive hud. Huden min er bedre enn på lenge, med mindre utbrudd og jevnere hudtone. Jjeg anbefaler både ansiktskrem og augebalsam. Kremene er veldig drøye i bruk, så de holder lenge. Jeg kjøpe nylig leppepomaden, og denne er også kjempegod. Jeg anbefaler virkelig alle å prøve disse produktene