Symrehudkrem
Fjellbit Reisesett, heimelaga sjampo og tursåpe
Fjellbit Reisesett, heimelaga sjampo og tursåpe
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Fjellbit Reisesett, heimelaga sjampo og tursåpe
To såpestykke som er perfekt turfølge til både fjell og hotell!
Ei mild urtesåpe til hår og kropp, ei multisåpe til klesvask, oppvask, flekkar og ekstra skitne hender.
Den heimelaga sjampoen og såpa er laga av naturlege ingrediensar i Skjåk – av lokale fagfolk frå Skjåk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.
I Fjellbit sitt Reisesett med Sjampo og Tursåpe får du to naturlege, allergivenlege og miljøvenlege såper til naturleg vask av deg sjølv, klede og utstyr på tur.
Sjampo er ein mild, fast shampo laga av oljer og urter som er gode for hår og hovudbotn. Den vil motverke feitt hår, men likevel gje pleie til hår og hovudbotn. Sjamposåpa kan også brukast til resten av kroppen som ein dobbeltdusj, og er derfor perfekt på reise!
«Brennheto» er dialekt for urten nesle. Nesle er ei kjelde til ei rekke mineral og vitamin, og er rekna som ei av dei mest næringsrike i naturen. Avkok av nesle er kjent for å motvirke flass og gje glansfullt hår. Ryllik er også ei urt kjent for å vere fin å bruke i hårvask.
Tursåpa er supersåpa som kan brukast til nesten alt! Den tek vanskelege flekkar på klede, kan brukast til oppvask på telttur og har du spesielt møkkete hender kan den gjerne brukast som handreins.
Med desse to såpene er du godt utstyrt til både campingtur, sydenferie eller telttur på fjellet. Pakk dei med deg i ein liten boks, eller inn i ein klut i ein pose. Såpene tek liten plass, og veg lite. Du kan også ta dei med i handbagasjen på fly.
Dei håndlaga såpene blir produsert i fjellbygda Skjåk, av Fjellbit-gründer Ragnhild. Urtene blir dyrka og plukka på garden, eller i skogen kring garden.
KORLEIS BRUKE SJAMPOEN:
Sjampo, men kan også nyttast som hånd- og kroppssåpe. Fukt sjampobaren i vatn og skum i handa eller direkte i håret. Skyll ut med lunka eller varmt vatn.Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid. Sjamposåpa kan gjerne brukast til resten av kroppen som ein dobbeltdusj om du ynskjer å bruke berre ei såpe.INNHALD INCI: Olea Europaea Oil, Cocos nucifera oil, neetle leaf, Achillea millefolium.
INNHALD PÅ NORSK: sjampo: olivenolje, kokosolje, nesle, ryllik.
tursåpe: kokosolje
PRODUKTFORDELAR:
- Mild og skånsom for hud og hovudbotn
- 100 % naturlege ingrediensar
- Lokalt sanka urter
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Motverkar feitt hår
- Fin på reise
- Kan brukast av alle – uansett alder
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
- Fin som hundesjampo
Alle såper frå Fjellbit i Skjåk er håndlaga, og ingen såpestykker er 100 % like. Såpene inneheld ingen parfymer eller essensielle oljer, noko som gjer at såpestykka luktar kun naturleg såpe med eit hint av urter i dei som inneheld det. Såpene passar difor godt for både ung og gamal, kvinner og menn.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig ei stund etter bruk, eller pakk dei luftig inn i ein klut eller boks.
Vekt: Ca 2 x 40 gram
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 89 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–5 virkedagar.

Reviews in Other Languages