Fjellbit Heimkoktsåpe
Fjellbit Heimkoktsåpe
Fjellbit Heimkoktsåpe, heimelaga hushaldningssåpe til flekkfjerning, klesvask og husvask
Få reint hus og fjern flekkar med Fjellbit Heimkoktsåpe såpe – ei naturleg og allergivenleg hushaldningssåpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff.
Den håndlaga hushaldningssåpa er laga av naturlege ingrediensar frå Skjåk – i og av lokale fagfolk frå Skjåk med hjarte for naturlege produkt som gjer godt for kroppen.
KORLEIS BRUKE SÅPA:
Den håndlaga såpa kan brukast for naturleg vask av heile huset. Den kan brukast til golvvask, rundvask og klesvask, til dømes som ullsåpe og bunadssåpe.
Den er spesielt bra til vask av treverk og andre naturmateriale som bomull, lin og ull. Som flekkfjerningssåpe er den heilt ypperleg til flekkfjerning både harde flater og på tekstilar.
Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid.
SÅPA INNEHELD EI REKKE GODE INGREDIENSAR:
Såpa er laga av talg frå storfe og einerlåg. Det er lange tradisjonar i å bruke talg frå storfe til såpe på norske gardsbruk. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene.
Inneheld også einerlåg. Einer er kjent for sine reinsande eigenskapar. Einerlågen er laga på garden og eineren er plukka lokalt i Sjåk.
INNHALD INCI: Tallow, Juniperus communis branch/fruit/leaf extract
INNHALD PÅ NORSK: Talg fra storfe, einerlåg
PRODUKTFORDELAR:
- Vaskar reint utan farlege kjemikaliar
- 100 % naturlege ingrediensar
- Allergivenleg
- Miljøvenleg
- Kortreiste råvarer
- Kortreist produkt frå norsk småskalaprodusent
- Dryg såpe som du har glede av lenge
- Nøytral såpe utan sterk lukt
Vekt: 80-90 g
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 69 kr.
Fri frakt ved kjøp over 1500 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–4 virkedagar.