Symre
Ansiktskrem med talg & raudkløver – til urein hud og aldrande hud - 3 pakning
Ansiktskrem med talg & raudkløver – til urein hud og aldrande hud - 3 pakning
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Kjøp 3-pakning med vår bestselgande ansiktskrem!
Symre ansiktskrem med talg, raudkløver & nyperoseolje passar for alle hudtypar, men er særskilt god om du har urein hud eller hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og næringsrik.
Den inneheld få, men gode og naturlege ingredienser:
- Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K.
- Uttrekk av raudkløver i tistelolje gir også masse næring til huda. Tistelolje er velegna til alle hudtypar, og er den vegetabilske olja som inneheld størst mengd av omega 6-feittsyra linolsyre. Økologisk raudkløver frå garden vår kan ha ein rensande, nærande og mjukgjerande effekt.
- Nyperoseolje er særs næringsrik og har mellom anna eit høgt innhald av antioksidanter. Den kan ha ein regenererande, oppstrammande, helande og cellefornyande virkning. Dette er ei veldig god olje til ansiktet, og er ekstra godt egna til moden, tørr og sensitiv hud.
- Rosegeranium og geranium er mykje brukt i hudpleie for sine eigenskapar mot urein hud, eksem og aldrande hud. Rosegeranium er ei nydeleg og djup lukt av rose. Den kan virka avslappende, og i tillegg ha ein betennelsesdempende, sårhelande og revitaliserende effekt.
TALGBASERT HUDPLEIE:
Symre er laga på vår eigen økologiske gard her på Voss. Talg har våre ei viktig råvare her på garden i generasjonar – oldemor laga både såper og lys av talg. Ein nytta det ein hadde, og tok vare på ressursane frå dyra på ein naturleg måte. Talg har også tradisjonelt våre brukt til salver mot eksem og andre hudplager, og denne tradisjonen ønskjer me å føre vidare gjennom Symre.
Me lagar handlaga hudpleie med talg frå eigne økologiske, grasfôra Vestlandsk fjordfe, kombinert med oljer og ville vekstar frå garden og utmarka. For oss handlar det om å ta vare på gamal kunnskap, bruke lokale ressursar og gje ei tradisjonell råvare som talg ein naturleg plass i moderne hudpleie.
Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.
KORLEIS BRUKE ANSIKTSKREMEN:
Talgbasert hudpleie er veldig næringsrik, og ein kjem langt med lite! Bruk mengden tilsvarande ei lita «ert» på fingeren, og fordel godt utover ansiktet. Suppler med litt ekstra om du treng. Kremen kan brukast både som dag- og nattkrem. Har du ekstra tørr hud, så kan du gjerne smøre deg ekstra godt med kremen like før leggetid.
KORLEIS TA VARE PÅ KREMEN:
Alle kremane frå Symre er 100 % naturlege og talgbaserte kremar. Dei inneheld ingen konserveringsmiddel eller stabilisatorar. Oppbevar kremen i romtemperatur, og ikkje i direkte sollys. Om du ikkje brukar kremen ofte, så kan du gjerne oppbevare den i kjøleskåpet.
INNHALD INCI: Tallow, Carthamus Tinctorius Seed Oil, Trifolium Pratense Flower Extract, Pelargonium Roseum Leaf Oil, Pelargonium Grave Olens, *Citronellol, *Geraniol, *Linalool
* = Naturleg innhald i rosegeranium og geranium
INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå garden vår og frå andre utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk kaldpressa tistelolje, uttrekk av økologisk raudkløver frå garden vår, økologisk kaldpressa nyperoseolje, økologisk rosegeranium, geranium.
HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys.
Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport.
60 ML
Share
Meir om Ingrediensane
Meir om Ingrediensane
Alle våre kremer er basert på talg – fordi det har fantastiske eigenskapar innan hudpleie og fordi det er ein ressurs frå vår eigen gard me ønsker å bruke.
Talget er frå vår eigen økologiske gard, Een gard, eller frå Selheim gard på Voss. Talget er frå grasfôra dyr, og på begge desse gardane har me stort fokus på dyrevelferd.
Tistelolje er ei av dei baseoljene me bruker mest. Denne kjøper me hjå NEO (Norske eteriske oljer) Folgerø. Dette er den einaste produsenten av eteriske oljer i Noreg! Les meir her: https://www.neofolgeroe.no/historie
Me kjøper også enkelte av dei eteriske oljene våre hjå Neo Folgerø.
Andre oljer kjøper me hjå Sunvita og Aromateket.
Dei aller fleste ingrediensane me kjøper er økologiske, så sant det er mogleg å få tak i dette.
Alle plantar me haustar i inn- og utmark er frå vår eigen økologiske gard.
Korleis bruke kremen
Korleis bruke kremen
Bruk veldig lite om gongen og smør på. Kremen trekker godt inn. Kjennes kremen for feit og legg seg som eit lag på huda, så har du brukt for mykje. Prøv med litt mindre neste gong.
Eit tips for dei som slit med ekstremt tørr hud, sår og sprekker er å smørje seg ofte. Smør gjerne litt ekstra på huda før du legg deg om kvelden.
Kremen bør oppbevarast i romtemperatur.
Frakt
Frakt
Fast frakt – 89 kr.
Alle pakker blir sendt med Bring etter 3–5 virkedagar.
Reviews in Other Languages