Talglys og mørketid

Talglys og mørketid

Klar for kos i haust- og vintermørket? Me har ekte talglys både med og utan eteriske oljer. Etiske, miljøvennlege og handlaga 💚🌿

Visste du at …
🍁 Stearinlys frå butikken kan innehalde parafin? Eit ikkje fornybart oljeprodukt som bidreg til CO2-utslepp.

🍁Stearinlys kan også innehalde palmeolje frå plantasjar der det før var regnskog og der urfolk er blitt jaga frå heimane sine.

🍁Stearinlys ikkje er så bra for inneklima i stova di, og at ein ikkje veit nok om helseeffektane frå utslepp frå desse lysa.

🍁 Våre talglys inneheld få ingrediensar - talg frå eigen gard, bivoks, norskprodusert eterisk olje

🍁 Er bra for inneklima og eit godt alternativ for dei med allergi og luftvegsproblem

🍁 Eit etisk, miljøvennleg og handlaga alternativ for innekosen i haust 🍁💚🍂

Me lagar lysa våre på tradisjonelt vis. Dei blir laga av talg som ikkje kan nyttast til hudkrem, der me sorterer ut det aller finaste. Me ynskjer god ressursutnytting og lagar difor talglys av resten - tilsett litt bivoks. Talget er frå vår eigen vesle vestlandsgard Een gard og frå andre gardar i nærområdet som driv bærekraftig og med god dyrevelferd.

Skog duftlys av talg og bivoks er miljøvennlig og etisk

Duftlys & lys naturell

Me har to ulike lys – SKOG duftlys og NORDLJOS.

NORDLJOS inneheld kun talg og bivoks, har lang brenntid og brenn jamnt. Det kan vera eit godt alternativ for allergikarar og dei som slit med luftvegsproblem. SKOG er laga med talg frå garden vår og frå andre nøye utvalde gardar i nærområdet vårt. I tillegg inneheld det litt bivoks og eterisk oljeblanding med duft av norsk skog. Den eteriske olja er laga av ein liten produsent i Kragerø – den einaste norske produsenten av eterisk olje.

Er du interessert i å lese om dei andre produkta våre også? Ta ein kikk på vår naturlige hudpleieserie her!

Back to blog