Talgbasert hudpleie til tørre og sprukne hender

Talgbasert hudpleie til tørre og sprukne hender

Tørre og sprukne hender?

Tørre og sprukne hender er ofte eit problem særskilt på haust og vinter.

Som bønder på ein liten vestlandsgard veit me mykje om dette. Me bruker store deler av arbeidskvardagen vår ute i ver og vind. Det vert også mykje vask av hender, og særskilt då om haust og vinter vert hendene våre veldig tørre og får ofte sår og sprekker. Me har prøvd så utruleg mange kremer på apoteket, men ingenting fungerte, og ofte var det ofte også mykje sviing og kløe ved påføring av desse kremane. Til slutt endte me opp med å prøve å lage vår eigen krem med talg. Og akkurat denne handkremen vart faktisk starten på heile hudpleieserien vår … handlaga, med kjærleik til naturen og på lokale ressursar. Les gjerne meir om oss her!

 

Talg gir mykje fukt

Men kvifor er talg så bra til tørre og sprukne hender? Talg av grasfôra storfe har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og det er eit godt utgangspunkt for eit godt resultat! Talg inneheld dei feittløyselege vitaminane A, D, K og E. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. Talgbasert hudpleie absorberer difor veldig fort. Talgbasert hudkrem trekker djupt inn og gir effektiv lindring.

Talg gir veldig mykje fukt og næring, den lindrar godt. Og talg svir ikkje ved påføring på huda. Handkremen vår er den kremen i utvalet vårt som har aller høgast innhald av talg. Talgbasert hudpleie er beskyttande og kan hjelpe godt til å lindre mange ulike hudplager. Me har fått mange tilbakemeldingar frå kundar om at tørr hud med eksem og djupe sprekker og sår har blitt betre etter bruk av kremen vår.

Ein kunde som har prøv handkremen vår skriv:

«Hver høst og vinter får jeg tørr og sår hud på hendene. Denne kremen er den eneste jeg har prøvd som holder huden min hel og sprekkfri! Ved den minste antydning til tørr hud smører jeg meg med denne kremen, og tørrheten forsvinner. Elsker den!»

 

Talgbasert hudpleie treng også få andre ingredienser. Handkremen vår inneheld kun tre ingredienser: talg frå økologisk og grasfôra storfe, økologisk tistelolje og eterisk olje av furunål. Me er opptatt av å bruke så lokale ressursar som mogleg, og denne eteriske olja er frå den einaste destillatøren av eteriske oljer i Norden – nemlig NEO Folgerø

 

Korleis få god effekt av handkremen

Me anbefaler å bruke handkremen vår heile døgnet ved behov. På dagtid brukar du ei veldig lita mengd, og smører godt ut. Ikkje ta på for mykje om gongen, då kan du oppleve at det tar lengre tid før kremen trekker inn. Smør heller på ei lita mengd handkrem i fleire omgangar.

For ekstra pleie, smør på eit ekstra godt lag like før du legg deg om natta.

 

Få og naturlege ingrediensar

Me i Symre heier på naturleg hudpleie basert på naturens skattkammer, og ønsker å skape meir kunnskap og forståing kring vekstane me har rundt oss i naturen. Me bruker få og kjende ingredienser som er trygge for både store og små å få på huda. Talg er ein gløymt skatt, og har tradisjonelt vore ein viktig ingrediens i hudpleie. Som bønder er me opptatt av å bruke heile dyret, hovud til hale, og då er det å nytte talg frå eigen gard eit naturleg og riktig val. Vil du lese meir om garden og dyra våre – me held til på Een gard på Voss, der me har økologisk og regenerativ drift – sjå her!

Oversikt over alle produkta våre finn de her.

 

 

Back to blog