Kuldekrem

Kuldekrem

Kalde vinterdager fører til økt fordamping av huda sin naturlige fuktighet. Difor kan huda bli veldig tørr. Då kan det vera lurt å bruke ein kuldekrem. Ein kuldekrem bør vera ein feit krem utan vatn, som beskytter og forhindrar tørr hud.

NB! Kuldekrem er ikkje ein beskyttelse mot frostskader. For å forhindre frostskadar er det aller viktigaste ein kan gjere å beskytte seg med klær.

Symre universalkrem med mynte er ein god kuldekrem. Den inneheld kun talg og oljer, ingen vatn! Den har eit høgt talginnhald, som gjer at den gir huda mykje god næring. Kremen har ei frisk og god lukt av mynte og kan også brukast av barn.

Eit alternativ for dei som ønsker ein kuldekrem utan eterisk olje, er Symre hudkrem naturell. Også denne er utan vatn og med eit høgt talginnhald.

Desse to kremene tar godt vare på huda i kulden. Den beskytter og pleier vinterstid både i vind, sol og snø. Passer bra for heile familien – både for barn og vaksne. På vinterstid er kuldekrem viktig for både liten og stor, og noko alle friluftsfolk burde hatt med seg i sekken på skitur. For dei minste er kuldekrem ein god følgesvenn i barnehagen.

Både Symre universalkrem med mynte og Symre hudkrem naturell er mjukgjerande og lindrande. Begge kremane her eit høgt innhald av talg, som har eit naturleg innhald av dei feittløyselege vitaminene A, D, K og E.

 

Ikkje beskyttelse mot frostskader

NB! Kuldekrem er ikkje ein beskyttelse mot frostskadar. For å forhindre frostskadar er det aller viktigaste ein kan gjere å beskytte seg med klær. Bruk fleire lag klær, og bruk vindtette klær ytterst. Følg med på utsatte hudområder.

 

Korleis få god effekt av kuldekremen

Smør på eit godt lag i ansiktet før du skal ut. Ta gjerne med deg kuldekremen i veska eller i sekken om du for eksempel skal i skibakken. Smør deg inn med jamne mellområd gjennom dagen.

 

Andre gode tips til tørr vinterhud

Ikkje vask huda for ofte.

Bruk milde og naturlege såper, gjerne talgbaserte såper.

Ikkje vask huda like før du skal ut i kulden.

Dekk utsette deler av kroppen til med klær, bruk sjerf, hals eller liknande over munn og nese når du skal ut i veldig kaldt vær.

 

 

Oversikt over alle produkta våre finn de her.

 

Back to blog