Har du prøvd bestselgaren vår?

Har du prøvd bestselgaren vår?

Symre ansiktskrem med raudkløver & nyperoseolje passar for alle hudtypar, men er særskilt god om du har urein hud eller hud med aldringsteikn. Kremen er mjukgjerande og næringsrik.

Den inneheld få, men gode og naturlege ingredienser:

🌸 Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K.

🌸Uttrekk av raudkløver i tistelolje gir også masse næring til huda. Tistelolje er velegna til alle hudtypar, og er den vegetabilske olja som inneheld størst mengd av omega 6-feittsyra linolsyre. Økologisk raudkløver frå garden vår kan ha ein rensande, nærande og mjukgjerande effekt.

🌸 Nyperoseolje er særs næringsrik og har mellom anna eit høgt innhald av antioksidanter. Den kan ha ein regenererande, oppstrammande, helande og cellefornyande virkning. Dette er ei veldig god olje til ansiktet, og er ekstra godt egna til moden, tørr og sensitiv hud.

🌸 Rosegeranium er mykje brukt i hudpleie for sine eigenskapar mot urein hud, eksem og aldrande hud. Rosegeranium er ei nydeleg og djup lukt av rose. Den kan virka avslappende, og i tillegg ha ein betennelsesdempende, sårhelande og revitaliserende effekt.   

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar 💚

Kjøp bestselgaren vår her!

Med raudkløver frå garden vår 

Me elskar raudkløver, og den veks overalt på garden vår! Det var heilt sjølvsagt for oss at me måtte bruke denne fantastiske planten i ein ansiktskrem.  

Me plukkar økologisk raudkløver frå innmarka vår og tørker den skånsomt før me tar dei på glas og heller over olje for å lage uttrekk. Me plukkar dei helst på sommaren akkurat når dei har byrja blomstre. Uttrekket vert del av den næringsrike ansiktskremen vår! Raudkløver er kjent for å kunne ha god effekt mot ei rekke hudproblem – som psoreasis, eksem og utslett. Og den kan ha ein rensende effekt på huda. Dei som brukar kremen vår seier at den gir huda ein skikkelig fin glød, og at den kjennes silkemjuk etterpå 🌸🩷 

Raudkløver er rekna som ein av dei trygge urtane ein kan plukke og bruke i sitt eige vesle husapotek til ulike plager. Den kan også trygt etast. 

Raudkløver er ein kjempeviktig kulturplante her på garden vår, den binder nitrogen i jorda, og både kyr, bier og humler elskar den. Og i tillegg til å bruke den i hudpleie, så lagar me gjerne også te av tørka raudkløver, eller me har ferske blomar og blad i ein frisk sommarsalat. Visste du at raudkløver også blir kalla sukkertopp, fordi den smakar søtt?

Kjøp bestselgaren vår her!

 

Kva seier andre om ansiktskremen vår? 🌸

Me får stadig fantastiske tilbakemeldingar på denne kremen, og det gjer oss så glad! 
 
Sjå berre her:
 
⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️
«Etter å ha brukt x antall tusen på hudpleie, som IKKE fungerer , har jeg funnet det! Tusen takk for FANTASTISK hudpleie! Beste kremen jeg noen gang har brukt! Fast kunde her i allefall!»
 
⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️
«Lukter godt, kjennes god ut på huden og gjør huden bra. Gir god fukt og hjelper på urenheter. Har veldig sensitiv hud, men denne tåler jeg veldig godt.»
 
⭐️⭐️⭐️⭐️⭐️
Jeg har hatt tørr hud hver vinter så lenge jeg kan huske, men i år har jeg for første gang brukt Symre sin ansiktskrem, og det er ikke antydning til tørr hud lenger. Kremen smelter inn i huden, er drøy i bruk og lukter nydelig av nyperose. Anbefales på det varmeste.
Kjøp bestselgaren vår her!
Back to blog