Overgangsalderen markerer ei ny fase i livet, men for mange kvinner kjem ho også med ulike plager som påverkar både kvardagen og sjølvkjensla. Kroppen endrar seg, hormonbalansen skiftar, og det kan gi ubehag – spesielt i underlivet.
Kløe, svie og tørrheit i overgangsalder – meir enn berre irritasjon
Når nivået av østrogen går ned, blir slimhinnene i underlivet tynnare, tørrare og mindre elastiske. Dette kan føre til plagsam tørrheit, svie og kløe, både i og rundt skjedeopninga. Det er vanleg, men det skal ikkje bagatelliserast – slike symptom fortener å bli tatt på alvor!
Hemoroider
Hemoroider er utvida blodårer i endetarmen, og sjølv om dei ikkje berre oppstår i overgangsalderen, kan svekka bindevev og forstopping – som ofte blir vanlegare i denne fasen – føre til auka risiko. Hemoroidar kan gi kløe, sårheit, svie og små blødningar, og det er ikkje uvanleg at mange kjenner seg både frustrerte og skamfulle over plagene. Heldigvis finst det lindrande tiltak.
Talgbasert hudpleie – lindring frå naturen
Talgbasert hudpleie etterliknar huda sine eigne naturlege smøremiddel, og tilfører både fukt og beskyttande feitt som trekker djupt inn i vevet utan å blokkere porene.
Ved å bruke ein talgbasert salve eller krem kan ein støtte opp om hudens naturlege barrierefunksjon. Dette gir lindring ved tørr og irritert hud i underlivet, rundt endetarmen ved hemoroider, og til og med på innvendige slimhinner dersom produktet er berekna for det. Mange opplever at talgbasert pleie både roer ned kløe og reduserer sårheit på ein skånsam måte – utan syntetiske tilsetjingsstoff som kan forverre irritasjon.
Vår hudpleieserie Symre er basert på talg, og inneheld milde ingrediensar som nettopp skal hjelpe mot kvinneplager som underlivsplager. Vår hudpleieserie er laga av kvinner – for kvinner – på vår økologiske gard på Voss!
Ta vare på deg sjølv – både fysisk og mentalt
Det viktigaste bodskapet er: Du er ikkje åleine, og plagene dine er verken «innbilte» eller noko du må tole i stillheit. Ved å velje naturlege og hudvennlege produkt – som talgbasert hudpleie – kan du gjere små grep som gir stor forskjell i kvardagen. Kombiner gjerne dette med gode rutinar for hygiene, næringsrik kost og milde tøyfiber som ikkje gnir eller irriterer.
Prøv kløsalva vår til underlivsplager!
Vår naturlege kløsalve basert på talg og ryllik kan vere eit skånsamt og effektivt hjelpemiddel ved underlivsplager som tørrheit, kløe og svie. Her er nokre grunnar til kvifor:
💧Talg gir djuptgåande fukt og er betennelsesdempande
Talg liknar huda sitt eige feitt, og trekkjer lett inn utan å tette porene. Det gir naturleg fukt og smøring til sensitiv hud. Talg kan ha ein naturleg betennelsesdempande effekt.
❤️🩹Ryllik er sårhelande og antiseptisk
Ryllik har tradisjonelt vore brukt ved hudproblem, og verkar lindrande og betennelsesdempande, noko som kan dempe svie og irritasjon. Ryllik er kjent for å vera sårhelande og antiseptisk.
🍀 Naturleg barriere
Kombinasjonen av ingrediensane i salva vår gir ei beskyttande hinne som hindrar uttørking og ytre irritasjon utan syntetiske tilsetningsstoff.
🫶Mild og hudvennleg – skånsom for intimområdet. Kløsalva vår har milde ingrediensar, og svir ikkje ved påføring. Den lindrar raskt!
🇳🇴Tradisjonell kunnskap – handlaga i Norge
Ingrediensane i kløsalva vår har lang tradisjon i naturmedisin og folkemedisin for hudpleie og sårheling. Salva er handlaga med kjærleik til folk og natur på vår økologiske gard på Voss.