August kom fort! Her på garden har det vore travelt, og me tenkte me ville dele litt med dykk kva me har gjort i sommar! 😎 🌱
Sommaren for oss er ei travel tid, så det har vore lite ferie. Med Symre og alt me har å gjera på garden, så er det alltid ei arbeidsoppgåve som står for tur. Me Symre-søstrene har til samen 5 ungar, og utfordringa er å få gjort arbeidsoppgåvene samstundes som me klarar å skape gode sommarminner. Me har ikkje alltid vore like flink til det – er fort arbeidsoppgåvene sluker oss. Men DENNE SOMMAREN syns eg me har klart å få til ein fin balanse! 🌼😎 Og så hjelper det at me har så utruleg mykje fin familie rundt oss som hjelper – ei bestemor i nabohuset, tanter haustar plantar til oss og som alltid heiar på oss. Foreldre som hjelper til på garden og passar ungar. Ein kjekk mann som tar med ungane overalt, og som også hjelper til på garden. Og ikkje minst flinke ungar som no byrjar bli så store at dei har sommarjobb. Me er ei ekte familiebedrift – og så utruleg heldige! Og utan flokken vår kunne ikkje sommaren ha blitt så bra!
Det har kome mykje liv til her på garden i sommar – mange, nydelege nyfødde kalvar. Eg likar best vår- og sommarkalving. Då vert kalvane fødd ute på beite. Dei har godt med tilsyn, det er sjeldan komplikasjonar under kalvingane og det er langt mindre smittepress enn inne i fjøset. Og så er det så utruleg koseleg å ta med ungane på beite for å kosa med ein nyfødd kalv 💛 🐮 Dyra våre har elles vore ute på beite heilt sidan mai no – ein stor flokk i fjellet og ein mindre flokk her heime. Det er berre heilt herleg å sjå korleis dei trivst!
Kjøkkenhagen og hagen har også bugna av grønsaker og bær. Og me har jobba for harde livet med å plukke alt. Me elskar å nytte ressursane rundt oss og forvandle dei til urtesalt og syltetøy som me kan selge i den vesle gardsbutikken vår. Ein oversikt over alle dei gode og ferske produkta våre finn de her – ein kan faktisk kjøpe dei i nettbutikken vår også! Ein liten smak av garden vår her på Vestlandet ⛰️🍀
Ikkje minst har me plukka og plukka og plukka løvetann, brennesle, ryllik og raudkløver og mynte til å lage uttrekk til kremane våre. Og me må plukke ein heil masse, for me skal jo ha eit lager av tørka plantar som skal halde heilt til neste sesong. Heldige oss som har ei tante som hjelper – ho leverer store posar på døra med ryllik og raudkløver som me kan tørke! Raudkløver-sesongen er spesielt kort, så her må me berre henge i! Og det er min absolutte favoritt for tida. Og me treng mykje av den! For bestselgaren vår i nettbutikken er og blir Ansiktskrem med raudkløver og nyperoseolje, den har vore bestselgaren vår sidan me starta Symre – så då må me også ha massevis av raudkløver på lager, slik at me aldri går tom!
Det største arbeidet på garden om sommaren er definitivt første- og andreslått. Førsteslåtten gjekk kjempefint, sjølv om det er lange dagar med tungt arbeid. Andreslåtten håpar me på å få starta med snart – så fort regnet sluttar å ause ned her på Vestlandet. Elles så har tantebarnet mitt og eg malt eine låveveggen og mannen har vaska fjøset. Så jammen har me fått gjort litt!
Innimellom alle desse arbeidsoppgåvene syns eg at me har vore ekstra flinke i år å hive frå oss arbeidet og ta ein pust i bakken når me har hatt fint vêr. Me har fått tidlege morgonar på tennisbanen, lest bok i hengekøye, bada i friskt fjellvatn, brukt dagar og timar i eit fantastisk utebasseng me har her på Voss – ungane elskar det. Ein treng ikkje reise langt for å ha det fantastisk saman! Og så er me så heldige at me har ein stor og fantastisk gjeng med venner som alltid kjem og besøker oss på garden om sommaren. Elskar at tunet er fullt med liv!
No skal me nyte august og september, og prøve å få litt fri innimellom arbeidet til å plukke blåbær og sopp i skogen, og ikkje minst eplene når dei er klare. Me skal få fleire fine turar til fjells for å sjå til dyra – og kryssar fingrane for at temperaturen vert fin, slik at det vert nokre fleire friske fjellbad før hausten kjem!