Løvetann

Løvetann

Løvetann er ein fantastisk og undervurdert plante! Me i Symre elskar tida me har vore inne i dei siste månadene, når me går i frå brungråe bakkar og gras, til fargerike tider i vårmånadane. Der ein time for time, dag for dag kan sjå ei herleg utvikling kor me nok ein gong kan melde om at våren endeleg er i anmarsj og alle dei flotte vekstane stikk hovudet meir og meir fram frå jorda.

Veksten me vil framheve i dagens innlegg er ein som mange ser på som ugras og ei landeplage kvar vår, kan du gjette kva vekst me vil fram til?

 

Ein viktig medisin- og matplante

Du har nok allereie skjønt det, Løvetann (taraxacum officinale), det er ein av Symre sine favorittar om våren, der den millimeter for millimeter veks seg fram fullvaksen plante med alle sine herlege eigenskapar. Grøne blader og ein fallskjerm av små gule blomar tett i tett på toppen. Kanskje har du og høyrt om løvetann-te, løvetannsirup løvetannblad i salat, kokte blad som ein grønsak til middag og løvetannsaft tidlegare?

Symre valde å nytte seg av denne flotte og nyttige veksten grunna dei gode og naturlege eigenskapane som me ynskjer å fremje og få opp kunnskapen rundt løvetann!

Denne planta har og vore ein stor del av urtemedisinen over lang tid og med god grunn! Løvetann vert sett på som ein viktig medisinplante og har ein lang historie innan urtemedisin i andre land, men har og vorte ein kjent og nyttig urteplante i Noreg. Historisk sett har veksten i Noreg blant anna vore med å behandle sjørbuk.

 

I hudpleie

I symre sine produkt har me plukka inn, tørka, laga oljeuttrekk av den for så å produsere eit av våre nyaste produkt, nemleg kroppskrem (bodylotion). Løvetann er proppa full i næringsstoff, magnesium, vitamin B, A, C og E. I tillegg inneheld den mange mineral, mangan, kalium, jern, kalsium, fosfor og sink og biotin. Biotin også kalla B7 er bra for hud, negler, hår, nervar og fordøyelsen.   

Løvetann i hudpleie resulterer difor i mange ulike eigenskapar, løvetann kan hjelpe mot blant anna, kviser (akne), eksem, psoriasis. Fordelane med å nytte seg av løvetann i hudkrem har vist seg å ha antioksiderande eigenskapar og den bidreg til å forbetre hudas tilstand.

Løvetann bidreg til å reinse huda ved å opne porene, pleier/gir meir næring og fuktigheit, som gjer hudfargen jamn og fin. Den har og som talgen med nyttar, ein antiinflamatorisk effekt. Det vil sei at løvetann er lindrande, er med å lindre irritert hud.

 

Naturen på huda

Me i Symre heier på naturleg hudpleie basert på naturens skattkammer, skape meir kunnskap og forståing kring vekstane me har rundt oss i naturen. Nytte få og kjende ingrediensar som er trygge for både store og små å få på huda.

Oversikt over alle produkta våre finn de her.

Back to blog