Den fantastiske raudkløveren

Den fantastiske raudkløveren

Juli er tid for påfyll av ein heil masse plantar til både hudkremane og til våre eigne husapotek! Akkurat no er me spesielt på leiting etter raudkløver – og skal fylle lageret for produksjon eit heilt år til! Me leiter og leiter, og plukkar og plukkar!

Raudkløver er ein veldig viktig ingrediens i ansiktskremen vår.

 

Ein viktig kvinneurt i folkemedisinen

I folkemedisinen har raudkløver hatt ein viktig posisjon, og planten har vore ein kjent kulturvekst frå slutten av 1700-talet. Andre plassar i Europa veit ein at raudkløver kan ha vore dyrka som kulturplante så langt tilbake som til 1300-talet.

Raudkløver inneheld mineral som jern, silisium, kolin, kalsium og feittsyra lecitin. Den inneheld naturlege kjemiske komponentar og dei mest kjente er flavonoider, isoflavoner, kumariner, harpiks, fenolsyrer, eterisk olje, sitrosterol, stivelse og vitamin, særskilt vitamin K. (Kjelde: Medisinplanter i Norge / Rolv.no).

 

Typisk har raudkløver i folkemedisinen vore brukt til:

🌿 Slimløysande – god som uttrekk mot hoste

🌿 Menstruasjonsplager

🌿 Kan verke hormonbalanserande i overgangsalderen

Og visste du at effekten av raudkløver har vore forska på, og viser mellom anna lovande resultat når det gjeld reduksjon av plagar ved overgangsalder! Raudkløver kan lette hetetokter og nattesveitting i overgangsalderen. Sjå til dømes desse to artiklane på forskning.no om temaet:

https://www.forskning.no/menneskekroppen-aldring-alternativ-behandling/beinskjorhet-kan-stoppes-med-rodklover/315443

https://www.forskning.no/mat/rodklover-lindrer-plager-i-overgangsalderen/635576

 

Raudkløver i hudpleie

Me elskar sjølvsagt å bruke raudkløveren i hudpleie, og her har den ei rekke fantastiske eigenskaper:

🩷 Rensande effekt på huda

🩷 Bidreg til å halde huda mjuk

🩷 Kviser / harde og tette kjertlar i huda

🩷 Eksem / utslett / psoreasis

 

Bestselgaren vår ansiktskrem med raudkløver, nyperoseolje og rosegeranium inneheld raudkløver, i tillegg til andre fantastiske ingrediensar – rett frå naturen:

🌸 Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K.

🌸 Nyperoseolje er særs næringsrik og har mellom anna eit høgt innhald av antioksidanter. Den kan ha ein regenererande, oppstrammande, helande og cellefornyande virkning. Dette er ei veldig god olje til ansiktet, og er ekstra godt egna til moden, tørr og sensitiv hud.

🌸 Rosegeranium er mykje brukt i hudpleie for sine eigenskapar mot urein hud, eksem og aldrande hud. Rosegeranium er ei nydeleg og djup lukt av rose. Den kan virka avslappende, og i tillegg ha ein betennelsesdempende, sårhelande og revitaliserende effekt.  

Kjøp ansiktskremen her!

Tilbake til bloggen