Har du prøvd vår naturlege solkrem?

Har du prøvd vår naturlege solkrem?

SYMRE SOLKREM ein naturleg solkrem med fysisk solfilter som beskytter mot UVA- og UVB-stråler. Me brukar det naturlege solfilteret tiosol frå Urtegaarden i Danmark. Fysiske solfiltere, som Tiosol, virkar ved å legge ei hinne på huda, som reflekterer og sprer UV-strålane og slik beskytter huda. Det aktive stoffet i Tiosol er det naturlige mineralet titandioxid (ikkje-nano form). Solkrem med fysisk solfilter og naturlege ingrediensar kan passe ekstra fint for personar med allergi / sensitiv hud. Og me har både solkrem naturell og solkrem med lavendel

Solkremane våre inneheld i tillegg det fysiske solfilteret ei rekke gode oljer som bidreg til å gi næring og regenerere huda:

💛 Ringblomst av økologisk ringblomsturt uttrekt i mandelolje: Virkar regenererande og helande, og lindrar solforbrenning.

💛 Jojobaolje: Beskyttar og gjenoppbygger hudbarrieren, har antibakterielle og antiinfammatoriske eigenskaper og inneheld i tillegg naturleg solbeskyttelse.

💛 Hvetekimolje: Ei veldig næringsrik olje med høyt innhold av E-vitamin.

 💛 Gulrotfrøolje: Ei naturleg frøolje, full av antioksidantar og essensielle feittsyrer.

Solkremen er utruleg dryg i bruk!

KVIFOR BRUKE EIT NATURLEG, FYSISK SOLFILTER

💚 Trygg og naturleg solkrem med få ingrediensar burde ha vore lett tilgjengeleg for alle! Dessverre inneheld mange masseproduserte solkremar hormonforstyrrende, allergifremkallende og/eller miljøbelastende stoff. Les gjerne meir om slike stoff på www.svanemerket.no. Huda vår er ikkje tett og det er kroppen sitt største organ, så det er faktisk veldig viktig at me passer på kva me smører på oss.

☀️ Me brukar det naturlege solfilteret tiosol frå Urtegaarden i Danmark. Fysiske solfiltere er rekna for å gje umiddelbar beskyttelse med ein gong ein smører på, og dei er også rekna for å gje betre beskyttelse enn kjemisk solfilter med same solfaktor. Tiosol er eit av få fysiske solfilter som er tillatt i økologisk solkrem.

🌸 Solkrem med fysisk solfilter og naturlege ingrediensar kan passe ekstra fint for barn og personar med allergi / sensitiv hud.

🌎 Fysisk solfilter er rekna for å vera betre for miljøet. I motsetnad til solkrem med kjemisk solfilter som inneheld t.d. stoffa oxybenzone eller octinoxate, er dei fysiske solfiltra ikkje rekna for å vera skadelege for naturen. Kjemiske solfilter er blitt skulda for å bidra til å skade mellom anna korall-rev i havet.

Kjøp vår naturlege solkrem her!

 

FAKTOR 20 – ER DET NOK DÅ?

Kjøp vår naturlege solkrem her!

Solkremane våre har faktor 20 – men er det nok då?

Som me har skrive over, så beskyttar solkrem med fysisk solfilter ved å legge seg som ei hinne på huda og reflekterer og sprer UV-strålane. Den fysiske barrieren hindrar strålane i å trekke inn i huda, i motsetning til solkrem med kjemisk filter som absorberer strålane. Fysisk solfilter gir umiddelbar beskyttelse. Generelt sett tenker ein difor at solkrem med fysisk filter beskytter betre enn solkrem med kjemisk filter. Våre erfaringar tilseier at faktor 20 gir god beskyttelse når det gjeld bruk av fysisk solfilter.

Solfaktor – altså beskyttelsesstyrken på solkremen – blir gitt i ein skala frå 0 til 100. Men som eit eksempel så er det ikkje slik at faktor 30 gir så mykje meir beskyttelse enn faktor 30:

☀️ Faktor 15 blokkerer ca. 93 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 20 blokkerer ca. 95 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 30 blokkerer ca. 96 % av UVB-strålar

☀️ Faktor 50 blokkerer ca. 98 % av UVB-strålar

Solkrem kan også gje falsk tryggheit. Med ein høgare faktor er det fort å smørje seg for lite eller at ein ikkje smører seg så ofte, fordi ein tenker at den gir nok beskyttelse.

😎 Å SMØRJA SEG OFTE OG NOK ER VIKTIG!

😎 HALD DEG UNNA SOLA NÅR DEN ER PÅ DET VARMASTE

😎 BRUK SKUGGEN ELLER DEKK DEG TIL MED KLÆR

Og visste du at solkremar med det fysiske solfilteret tiosol berre kan beskytte opp til faktor 30? Solkremar med faktor over dette er solkremar med kjemisk solfilter. Og med det kjemiske solfilteret kjem det dessverre også ei rekke dårlege tilsetningsstoff du IKKJE vil ha på huda di … og me vil heller ikkje ha dei i naturen!

Kjøp vår naturlege solkrem her!

 

TIPS TIL SOLPLEIE I KVARDAGEN

Det kan faktisk vera lurt å bruke litt solkrem året rundt. Og då anbefaler me å blande litt av solkremen vår med ansiktskremen vår. Ca. 50/50. Slik får du ein veldig lett og smørbar solkrem, i tillegg til at du framleis får beskyttelsen huda treng.

Og vil du ha ei eit skikkeleg godt tilbod på ansiktspleie no i vår så får du 15 % RABATT på pakketilbud – VÅRFAVORITT ANSIKT

 

KORLEIS BRUKE SOLKREMEN

Smør eit tynt lag med solkrem på huda – men pass på at du smører på nok. Vil du ha endå betre beskyttelse kan du smørja på meir, sidan solkremen dannar ei fysisk beskyttelseshinne. Hugs at det er viktigare å smørja seg ofte!

Tiosol er vannavvisande og det er talget også. Smør deg likevel på nytt etter bading for sikkerheits skuld.

Ein kan bli litt kvit på huda når ein bruker solkrem med fysisk solfilter. Men heller det enn kjemisk solkrem med masse skumle stoff i! Solkremen vår har også masse ringblomsolje, hvetekimolje og bivoks. Alle desse er gule/brune på farge, og bidreg til å gjere solkremen mindre kvit.

Kjøp solkremen vår her!

 

KVA SEIER ANDRE OM SOLKREMEN VÅR


Kjøp vår naturlege solkrem her!

 

Back to blog